Tett på barn og unge i Lærdal
Rettleiing for gode møter i Lærdal
Førebuing før møtet
- Avklar føremålet med møtet ut i frå mål og tiltak som er sette i verk. Involver føresette/barnet/ungdommen.
- Sett agenda og avklar møtedeltakarane
- Innhent samtykke dersom det ikkje er gjeve.
- Du kjem til samtykkeskjemaet ved å klikke på denne lenkja: Samtykkeskjema
- Lag møteinnkalling
- Sett opp og sendt ut agenda med føremål, tidsrammet og stad for møtet. Dersom Stafettlogg er opprette: bruk den.
Gjennomføring av møtet
Velkommen og kort om kvifor møtet skal haldast
-
- Vær vertskap og sørg for vatn/kaffe/te dersom det er behov. Ta i mot møtedeltakarane når dei kjem inn.
- Legg opp til ei kort presentasjonsrunde av alle deltakarane. Namn, rolle, arbeidsstad. Start med dei føresette/barnet/ungdommen.
- Likeverd og brukarmedverknad er svert viktig gjennom heile møtet.
Agenda
Innhald
-
- Gjer ei kort avklaring om agenda, føremål, tidsramme og forventningar til møtet.
- Gå i gjennom referat frå førre møte. Ta ein kort gjennomgang av historikk dersom det er naudsynt. .
- Sikre felles forståing av mål ut i frå behov.
- Føresette/ungdommen får prate fyrst dersom dei ønsker det.
- Legg fram og drøft tiltak som kan vere aktuelle med utgangspunkt i situasjonen slik den er no.
- Prioriter det som er det viktigaste.
Veien videre
Lag målsetting for samarbeidet og avklar videre tiltak.
-
- Kva tiltak skal vidareførast/avsluttast i frå førrige møte?
- Kva nye tiltak skal settast igang?
- Koordiner tiltaka og fordel ansvar.
- Når skal tiltaka gjennomførast?
- Bestem korleis tiltaka skal følgjast opp undervegs.
Oppsummering/Avslutning
Evaluering
-
- Kva var føremålet med møtet? Har de no ei felles forståing?
- Er det andre avklaringar som må gjerast før de avsluttar?
- Er det noko som skal organiserast om det som har vorte bestemt i møtet?
- Kven gjer det?
Dersom det er aktuelt og praktisk gjennomførbart:
finn et nytt tidspunkt for neste møte og avtal kven som innkallar (stafetthaldar skal gjere dette).
Takk for møtet, og avslutt.
Når møtet er avslutta er de ferdige med å snakke med barnet/familien. Ikkje ta med møtet “ut på gangen”.