Tett på barn og unge i Lærdal
Rolleforklaring stafetthaldar
Kva gjer ein stafetthaldar?
- Invitera inn til koordinerings- og evalueringsmøter
- Står for dagsorden og møteleiing
- Skriv referat, følgjer med og sikrar at tidsfristar vert halde og at tiltak evaluerast
- Invitera inn andre tenester etter behov og koordinera det tverrfaglege arbeidet
- Involvera barn/unge og føresette i planlegginga, gjennomføringa og evalueringa av tiltak
- Sikrar at ein vaksne snakkar med barnet/ungdommen mellom møta og fangar opp korleis det går med vedkommande
- Held kontakta med familien og tenestene som er involvert i nettverket rundt den som har ein stafetthaldar
Kven er stafetthaldar?
På nivå 1-2: Det er ønskjeleg at stafetthaldaren er nær barnet i kvardagen.
- Kontaktlærar på skulen
- Pedagogen i barnehagen
- Helsesjukepleiar
På nivå 3: Dersom stafetthaldar ikkje har nok kunnskap/kompetanse til å vareta koordineringsansvaret på nivå 3 bør det vurderast om andre i samarbeidet kring barnet skal ta over stafettpinnen.
Behov for individuell plan? Dersom barnet har behov for langvarige og koordinerte tenester bør ein vurdere om barnet har rett på individuell plan. Dette kan ein drøfte med koordinator tilsett i bu og miljøtenesta.
Ein har rett på individuell plan når ein har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 7-1.
Behov for barnekoordinator? I dei tilfellene der ein familie har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester skal kommunen oppnemne ein barnekoordinator dersom dei føresette samtykkar til dette, jamfør helse- og omsorgstenestelova § 7-2a. Sjå meir om barnekoordinatorrolla under i verktøyet “Rolleforklaring barnekoordinator”.
Barnekoordinator i Lærdal kommune er tilsett i Bu og miljøtenesta.
Kontaktinformasjon til bu og miljøtenesta: 90 50 00 39
Dette må tas med i vurderinga:
- Barnets/ungdommens/familiens/den gravide sine ønskjer
- Tiltakas omfang og karakter
- Forventa koordineringsbehov og kva stillingstype dei ulike deltakarane i samarbeidet har
Rolla som stafetthaldar
Rolla eigast heilt fram til stafettpinen leverast og aksepterast av ein valgt samarbeidande aktør internt i eininga eller avdelinga, eller eksternt. Det er då berre koordineringsansvaret som overleverst. Innsatsen og arbeidet i dei tenestene som har ansvar for det einsklide tiltak fortsett.