Handlingsrettleiaren – eit arbeidsverktøy

BTImodellen er ein rettleiar for korleis du som tilsett skal arbeida med gravide, barn, unge eller familiar du har ein bekymring eller undring for. Den viser gangen frå bekymring til handling.

Modellen består av fire nivå:

Nivå 0: Undring. På dette nivået kan du avklare om det er grunn til bekymring.

Nivå 1: Interne tiltak. Her etablerer du samarbeid med familien og set i verk tiltak i eigen eining.

Nivå 2: Samarbeid med andre tenester. Ein eller to hjelpetenester kjem inn i samarbeidet.

Nivå 3: Samarbeid med fleire tenester. Omfattande tverrfagleg samarbeid.

Medverknad frå barnet og familien er sentralt i alle nivå av modellen. Barnet og familien skal ALLTID medverka i eigen sak.

Nivå 0

Undring- bekymring

Til veileder

Nivå 1

Samarbeid med familien og tiltak i eigen teneste

Til veileder

Nivå 2

Samarbeid med ei eller to hjelpetenester

Til veileder

Nivå 3

Samarbeid med fleire hjelpetenester

Til veileder

Ikkje grunn for vidare bekymring?

Avslutt saka og gje informasjon om at familien når som helst kan ta kontakt dersom dei har behov for hjelp, støtte, rettleiing seinare. Ingen sakar er for små eller for store. Dess tidlegare dei ber om hjelp, dess mindre sjans er det for at situasjonen utviklar seg negativt.