Betre tverrfagleg innsats – ein del av “Tett på barn og unge i Lærdal”
Me i Lærdal kommune brukar samhandlingsmodellen BTI (betre tverrfagleg innsats) som er utvikla av Helsedirektoratet. Modellen er eit verktøy for tenester som møter gravide, barn, unge og føresette det er knytt uro eller bekymring til.
Hensikta med ein slik modell er å syta for hjelp på eit tidleg tidspunkt. I tillegg er hensikta å kvalitetssikra heilskapleg og koordinert innsats utan at det blir brot i oppfølginga. Å involvera barn, unge og deira familiar på eit tidleg tidspunkt er heilt grunnleggjande i BTI-modellen.
Ved å nytta BTI-modellen sikrar ein tidleg innsats, samordning og medverknad i hjelpa ein gjev til barn, unge og deira familiar.
Handlingsrettleiaren er eit hjelpemiddel og er oppskrifta for korleis ein praktisk skal gå fram i arbeidet med barn, unge eller føresette det er knytt undring eller bekymring til.
På denne nettsida finn du også:
- Verktøy: rutinar, malar, skjema og andre viktige dokument til bruk i arbeidskvardagen.
- Ressursar: faglitteratur, kurs, opplæringsvideoar og filmar
- Tenester: oversikt over kommunale einingar som har eit ansvar for gravide, barn, unge og deira føresette.
- Tiltak: foreldrestøttande tiltak inndelt etter aldersgruppe og førebyggingsnivå.