Treng du eller nokon du kjenner hjelp? Eller treng du nokon å prata med?

Alle har frå tid til annan behov for nokon å prata med. Det kan vera om små eller store ting. Det viktigaste er at ein ikkje går og ber på vanskelege ting åleine. Det kan vera tankar, følelsar, korleis ein har det heime, korleis ein har det på skulen eller om det er noko ein bekymrar seg for.

Kven kan du prata med?

Det er viktig at du pratar med nokon du stolar på. Dersom du har god kontakt med ein trygg vaksen, til dømes ein lærar eller ein trenar, kan du prata med han/henne. Eller så kan den vaksne hjelpa deg med å finna rett person å prata med. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt og må ha ditt samtykke for å involvere andre.

Kven kan du prata med?

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Helsestasjons- og skulehelsetenesta: 48 17 29 85

Barnevernstenesta: 90 21 34 81

Barnevernvakta: 90 21 34 81

Politi: 02800 eller 112

Lenkjer til aktuelle hjelpesider

Barnevernstenesta i Aurland og Lærdal

Alarmtelefon for barn og unge 

Redd barna hjelpeside