Er du urolig eller bekymra for eit barn?

Av og til kjem ein opp i situasjonar der ein vert urolig eller bekymra for eit barn, anten ein er føresett, nabo, ven eller at ein jobbar med born eller unge. Kanskje har ein registrert at barnet/ungdommen slit med noko eller ein har opplevd signal frå føresette som gjer at ein vert uroleg.

Er du bekymra for om eit barn får god nok omsorg og lurar på om du bør sende bekymringsmelding til barnevernstenesta? Då bør du sende ei Bekymringsmelding Dersom du treng å drøfte det med nokon fyrst kan du ta kontakt med barnevernstenesta anonymt på telefonnummer 90 88 48 63

Mistenkjer du at eit barn vert utsett for vald eller overgrep SKAL du melde i frå til politi og barneverntenesta direkte!

 

Kven kan du prata med?

Barneverntenesta: 90 21 34 81

Barnevernvakta: 90 21 34 81

Politi: 02 800 eller 112

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Helsestasjons- og skulehelsetenesta: 48 17 29 85

Foreldresupport- hjelpetelefon: 116 123

Aktuelle lenkjer til nyttige nettsider:

Barnevernstenesta i Aurland og Lærdal

Alarmtelefon for barn og unge 

Bekymringsmelding til barnevernstenesta 

Om avverjeplikta 

Foreldresupport- hjelpetelefon