Barnevernstenesta er ei teneste som jobbar med å fremje ein trygg barndom og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Deira hovudoppgåve er å beskytte barn mot omsorgssvikt og sikre barn tryggleik og moglegheit for å utvikle seg. Barnevernstenesta gjev fyrst og fremst hjelp i heimen, til foreldre/føresette, slik at dei sjølv skal kunne meistre det å …
BUP
BUP står for Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk og hjelper barn under 18 år med si psykiske helse. BUP held til i Sogndal og ein må ha ei tilvising frå fastlegen for å få time der, det er eit skriv frå fastlegen som fortel kvifor ein har behov for hjelp i frå BUP. Innbyggjarar i Lærda …
Ergoterapitenesta
Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremje aktivitet, deltaking og inkludering av barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet Barn tek til seg kunnskap og utviklar seg gjennom aktivitet i samspel med fysiske og sosiale omgjevnader. Mange barn vert hindra frå å delta i leik, skule og nærmiljø pga. ulike …
Familievernkontoret Sogndal
Lærdal kommune er ein del av Sunnfjord og Sogn familiekontor avd. Sogndal. Familievernkontoret tilbyr rådgjeving, rettleiing, kurs og samtalegrupper i høve ulike tema. Familievernkontoret er eit lågterskeltilbod, og ein treng ingen tilvisning for å få hjelp der. Døme på tema/problemstillingar ein kan ta opp med familiekontoret er: Hjelp i parforholdet Hjelp til samarbeid om felles …
Fysioterapitenesta
Tenesta består av to fysioterapeutar og ein fysioterapeut i turnusteneste samt ein ergoterapeut. Fysioterapeutane samarbeider mellom annan systematisk med med helsestasjons- og skulehelsetenesta. Alle babyar på 4 månader får tilbod om konsultasjon hjå fysioterapeut. Hensikta med konsultasjonen er å: Vurdere barnet sin motoriske utvikling Gje råd og rettleiing til foreldre/føresette for å styrke vidare utvikling …
Habiliteringstenesta for barn og unge, Førde sentralsjukehus
Habiliteringstenesta føl opp barn og unge under 18 år som har ei medfødd eller erverva funksjonsnedsetting med nevrologisk årsak. Habilitering betyr å gjere barn og unge med nedsett funksjonsevne og familiane deira i stand til å meistre utfordringar i kvardagen. Habiliteringstenesta er knytt til spesialisthelsetenesta og er organisert under Helse Førde.
Helsestasjonstenesta
Helsesjukepleiar sitt viktigaste arbeidsområde er å følga med på barnet si utvikling og støtte dei føresette slik at dei meistrar foreldrerolla best mogleg. Helsestasjonstenesta har også ansvar for å følgje opp barnevaksinasjonsprogrammet. Helsestasjonstenesta er ei lovpålagt, gratis teneste som følgjer alle barn og deira føresette frå fødsel og fram til skulestart. På helsestasjonen jobbar jordmor, helsesjukepleiar …
Jordmortenesta
Lærdal kommune har jordmor i 20% stilling. Ho følgjer opp den gravide og partnar i svangerskapet. Jordmor har kontor på Lærdal helsesenter og er tilgjengeleg på kontoret kvar tysdag. For å bestille time til jordmor kan ein ringje: 48 17 29 85 eller 57 66 95 00 Ein kan også få generell informasjon om svangerskapsomsorga …
Kommunepsykolog
Lærdal har felles kommunepsykolog med Aurland kommune. Kommunepsykologen sitt hovudoppdrag er å bistå og rettleie dei ulike tenestene/einingane i kommunen i forhold til innbyggjarne si psykiske helse. Kommunepsykolog i Lærdal og Aurland kommune er Stefan Volden. Kommunepsykologen driv ikkje med klinisk praksis retta direkte mot innbyggjarane. Kommunepsykologen har for tida kontor på rådhuset.
Koordinator for “Tett på barn og unge i Lærdal” og BTI
Kooridinator for det førebyggjande arbeidet kring barn og unge Koordinatoren si oppgåver er: Leie prosjektet “Tett på barn og unge i Lærdal” Førebyggjande tiltak på ulike nivå i kommunen Kompetanseheving for å sikre at alle tilsette har relevante verktøy og rutinar for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid Vera pådrivar for interne fagdagar og bidra inn …
Kosen juniorklubb
Kosen juniorklubb er eit gratis tilbod til alle elevar i 6. og 7. klasse og har ope kvar måndag frå kl. 17.00 – 19.00. Hensikta er at elevane skal ha eit lågterskel aktivitetstilbod og å vere i lag. Det er også meint som eit tiltak for at overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen skal bli lettare …
Kosen ungdomsklubb
Kosen ungdomsklubb er eit tilbod for ungdom frå 13- 18 år. Klubben har ope tysdagar og torsdagar. Vaksne er tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Kosen ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet. Kosen ungdomsklubb har ope: Tysdagar: 18.00 – 21.00 Torsdagar: 18.30 – …
Kreftkoordinator
Kreftkoordinator i Lærdal kommune er Linda Mannes Har du fått kreft, lever med kreft eller har ein av dine nærmaste fått eller lever med ein kreftdiagnose? Då kan kreftkoordinatoren vera til hjelp og støtte og du er velkommen til å ta kontakt. Kreftkoordinatoren har også ein viktig funksjon inn i arbeidet med “barn som pårørande” …
Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Eit krisesenter er eit lågterskeltilbod der kvinner og menn med sine barn kan søkje hjelp dersom ein opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. På krisesenteret kan ein få ein trygg plass og bu og naudsynt og proffesjonell hjelp. Ein treng ikkje å vere i akutt krise eller å bu på krisesenteret for å få …
Kulturskulen
Tilbyr undervisning i ulike musikkaktivitetar, biletkunst og drama. Biletkunst Gitar/bass Grunnopplæring Piano Slagverk Song Teater Treffspel For å finne pris på dei ulike tilbode, klikk deg inn på Lærdal kommune sine heimesider (lenkje nederst). Det er 25% syskenmoderasjon og det er vedteke at ingen familiar betalar for meir enn to fulle plassar. Les meir om …
Legetenesta
Legetenesta består av 4 faste legestillingar og sjukepleiar/lab.personale. Ei 20% stilling er knytt til helsestasjons- og skulehelsetenesta. Telefonnummer til helsesenteret er: 57 66 95 00 Les meir om legetenesta på Lærdal kommune sine heimesider
Lærdal folkebibliotek
Lærdal folkebibliotek er førebels lokalisert på Lærdalsøyri skule Opningstider: Måndag: 15.00 – 19.00 Tysdag: 10.00 – 16.00 Onsdag: kl. 15.00 – 19.00 Torsdag: kl. 10.00 – 16.00 Fredag: kl. stengt Les meir om biblioteket på Lærdal kommune sine heimesider
Lærdal idrettslag
Har 9 undergrupper for ulike idrettar: Fotballgruppa Handballgruppa Turn og barneidrettsgruppa Skøytegruppa Skigruppa Innebandygruppa Symjegruppa Friidrettsgruppa Handbakgruppa Les meir om tilbod og prisar på Lærdal idrettslag sine heimesider
Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule
Lærdalsøyri skule er ei barne- og ungdomsskule med omkring 200 elevar. Skulen har spesialpedagogisk koordinator. Skulen har også to sosiallærarar, begge i 100% stilling. Lærdalsøyri skule jobbar for å bli ei MOT skule og er i gang med opplæring av dei tilsette. Einingsleiar/rektor for Lærdalsøyri skule er Magne Klepp. Telefonnummer til skulen: 57 64 13 …
Lærdalsøyri barnehage
Lærdalsøyri barnehage har sju avdelingar for små og store barn. Einingsleiar og styrar for Lærdalsøyri barnehage er Anne Margrete Hatlelid, tlf: 40 82 55 75
NAV
NAV gjev opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa er organisert under NAV
Oppvekst Borgund
Oppvekst Borgund er eit oppvekstsenter med barnehage, skule frå 1.-7. klasse og SFO. Borgund barnehage Borgund barnehage har ei barnegruppe på omlag 20 barn. Telefonnummer til Borgund barnehage: 47 48 69 72 Telefonnummer til styrar Torunn Vethe Gram: 47 48 69 52 Borgund skule Borgund skule er ei skule med omlag 20 elevar. Oppvekstsenteret har …
Overgrepsmottak
Overgrepsmottaket er ein del av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt. For å få hjelp hjå overgrepsmottaket kan ein ringje 116 177 og be om å bli satt over (alle legevaktsentralar har direktenummer til overgrepsmottak) eller ein kan ringe 57 72 37 48. Dersom du ynskjer at overgrepsmottaket skal ta kontakt med deg så kan du …
Paviljongen barseleining, Lærdal sjukehus
Alle nyfødde i Lærdal får tilbod om opphald på barselavdeling på Lærdal sjukehus dersom dei ikkje treng medisinsk oppfølging etter fødsel. Svært mange takkar ja til dette. Det er samarbeid mellom barseleininga og helsestasjonen for å sikre at alle foreldre og nyfødde får eit best mogleg utgangspunkt den fyrste tida etter fødsel. Les meir om …
Politikontakt og politiråd
Ein politikontakt er det daglege kontaktleddet mellom politi og kommune. Politikontakta er ein rådgivar innan kriminalitetsførebyggjande arbeid. Politirådet er eit formalisert samarbeid mellom øvste leiing i kommunen og det lokale politiet. Rådet skal vere eit strategisk organ for kriminalitetsførebyggjande arbeid, sikre utveksling av kunnskap og erfaring mellom politi og kommune.
PP-tenesta
PP-tenesta i Lærdal kommune er ein del av Indre Sogn PPT og er lokalisert i Årdal kommune. PP-tenesta har faste dagar i Lærdal kommune. PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule og tek i mot henvendingar frå barnehagar og skular. Tenesta er gratis. Områder PPT kan …
Psykisk helseteneste og rus
Tilbodet er eit lågterskel hjelpetilbod for alle vaksne over 18 år. Ein kan sjølv ta kontakt eller få ei tilvisning frå fastlegen eller andre hjelpetenester. Det jobbast i kommunen med å få på plass ei psykisk helseteneste for barn og unge, då det ikkje er etablert pr. no. Les meir om tilbodet på Lærdal kommune …
Røde kors (RØFF)
Tilbod til ungdom mellom 13 og 17 år som likar friluftsliv og ønskjer å ha ein aktiv livsstil. RØFF er eit populært fritidstilbod i kommunen. Tilbodet er gratis.
SFO
Lærdal kommune har SFO både på Borgund oppvekstsenter og Lærdalsøyri skule Moderasjonar og tilbod om gratis SFO: Alle elevar på 1.trinn har rett til gratis SFO, tilbod 2, og alle elevar på 2. og 3.trinn 12 timar gratis SFO, Tilbod 1 (før eller etter skuletid). Ein vert belasta for mat og drikke og har rett …
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta har helsesjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga er fordelt mellom Lærdalsøyri og Borgund skule. Les meir om skulehelsetenesta på Lærdal kommune sine heimesider. Tenesta har også ei 50 % stilling som er knytt til prosjektet “Tett på barn og unge”. Personen som innehar denne stillinga har som arbeidsoppgåve å vera tettare på barn og unge. …
SLT-koordinator
SLT står for Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande Tiltak. SLT-koordinatoren i Lærdal kommune er tilsett i 20% stilling med politirådet som styringsgruppe. Koordinatoren jobbar med tiltak retta mot alle aldersgrupper og alt i frå trafikktryggleik til undervisningsopplegget delbart i skulen.
Sosiallærarar på Lærdalsøyri skule
Lærdalsøyri skule har 2 sosiallærarar, begge i 100 % stilling. Desse jobbar spesifikt med skulemiljø og trivsel. Dei jobbar også med MOT programmet og er delaktige i BTI arbeidet i kommunen.
Spesialpedagogisk koordinator ved Lærdalsøyri skule
Lærdalsøyri skule har tilsett spesialpedagogisk koordinator. Koordinatoren fungera som eit kontaktpunkt og eit bindeledd for tilsette i skulen og for føresette når det gjeld elevar som har behov for/ eller har spørsmål om spesialundervisning og anna tilrettelagt opplæring. Koordinatoren samarbeidar tett med skulehelsetenesta, PPT, barnevernstenesta og dei andre tilsette på skulen.
Statped
Statped er eit statleg støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar. Statped skal bidra til at sektormål for barnehage og grunnopplæringa vert nådd og samarbeidar ofte tett med PP- tenesta.
Vaksenopplæringa
Introduksjonsprogrammet gjev obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap, livmeistring i nytt land og foreldrerettleiing. Lærdal kommune har pr. no ingen tilbod om systematisk foreldrerettleiingsprogram, men jobbar med å få dette på plass. Vaksenopplæringa held til på Lærdal rådhus og er organisert under NAV.