Fysioterapitenesta

Tenesta består av to fysioterapeutar og ein fysioterapeut i turnusteneste samt ein ergoterapeut.

Fysioterapeutane samarbeider mellom annan systematisk med med helsestasjons- og skulehelsetenesta. Alle babyar på 4 månader får tilbod om konsultasjon hjå fysioterapeut.

Hensikta med konsultasjonen er å:

  • Vurdere barnet sin motoriske utvikling
    • Gje råd og rettleiing til foreldre/føresette for å styrke vidare utvikling
    • Fange opp skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt
  • Gje informasjon om:
    • Utstyr ein treng og ikkje treng
    • Trening etter fødsel for den som har født.

Elles føl tenesta opp barn og unge som har behov for deira tenester i korte eller lengre periodar. Det jobbast for at fysioterapitenesta skal vere meir systematisk inne på barn og unges arena gjennom samarbeid med helsestasjons- og skulehelsetenesta samt at Frisklivssentralen kan nyttast meir inn mot barn og unge.

Fysioterapitenesta er lokalisert på Lærdal helsesenter.

Kontaktinformasjon: telefon 55 66 95 00