Grunnleggjande BTI-kompetanse

Her finn du Lærdal kommune sine nettressurser som skal vere til hjelp i BTI-arbeidet. Me jobbar heile tida med å auke kompetansen knytt til:

  • Tidleg innsats
  • Å snakke med barn
  • Samarbeid og samordning kring barn og unge
  • Risikofaktorar og faktorar som vernar
  • Systematiske førebyggjande tiltak

Alle tilsette skal:

  • Kjenne til dei ulike nivåa i handlingsrettleiaren
  • Vita korleis dei går fram i handlingsrettleiaren og nytte den systematisk som rettesnor i arbeidet med tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
  • Kjenne til kva dokumenter og verktøy som ligg tilgjengeleg i verktøykassa
  • Vita og ha kompetanse om korleis dei skal fanga opp barn og unge dei kjenner ein uro eller bekymring for
  • Ha kunnskap om korleis ein skal samtale godt med barn, unge og føresette. Bli gode på “den vanskelege” samtala.
  • Kjenne lovverket knytt til teieplikt, opplysningsplikt, avverjeplikt og samtykke
  • Ha god relasjonskompetanse
  • Jobbe tillitsskapande

Tilsette som jobbar med barn 0-5 år eller føresette til barn 0-5 år skal:

  • Vere med på opplæringsprogrammet “Tidleg inn”. Opplæringsprogrammet skal starte hausten 2024.

Her kan du lese om opplæringsprogrammet  Tidleg inn

Lærdal kommune skal syte for at alle tilsette som jobbar med barn, unge eller vaksne som er føresette skal:

  • Få kompetanseheving om temaene “Vald i være relasjonar” inkl. seksuelle overgrep
  • Få kompetanse om temaene psykisk helse og rus hjå barn/ungdom og vaksne
  • Ha tilgang på mennesklege ressursar som skal syte for å gje relevant oppløring og kompetanse om bruk av BTI modellen

 

 

– Grunnleggjande BTI-kompetanse

Grunnleggjande BTI-kompetanse Her finn du Lærdal kommune sine nettressurser som skal vere til hjelp i BTI-arbeidet. Me jobbar heile tida med å auke kompetansen knytt til: Tidleg innsats Å snakke med barn Samarbeid og samordning kring barn og unge Risikofaktorar og faktorar som vernar Systematiske førebyggjande tiltak Alle tilsette skal: Kjenne til dei ulike nivåa …

– Nettressursen “snakkemedbarn.no”

Målsettinga med snakkemedbarn.no er å styrkje dein vaksne sine ferdigheiter til å snakke med barn dei er bekymra for på ein måte som gjer at barnet opplever at det er trygt Nettstaden “Snakke med barn” er utvikla for tilsette i tenester som møter barn og ungdom både i barnehage, skule, helsetenester på ulike nivå, friviljugheit …

– Nettressursen “jegvet.no”

Jegvet.no Jegvet.no er ein gratis læringsressurs for barnehagar og skuler om mobbing, vald, overgrep og barns rettigheiter. Innhaldet er knytt til rammeplan for barnehagen og læreplan for skulen. “Jeg vet” er utvikla av Salaby i samarbeid med Redd barna på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. «Jeg vet» kan nyttast i arbeidet med å gje …

– Nettressursen “Trygg til handling”

Trygg til handling – ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge Trygg til handling skal gje deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for. Programmet er …

– “Dinutvei.no” – Nasjonal vegviser ved vald og overgrep

Dinutvei.no Ei nasjonal nettside med kvalitetssikra informasjon om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Sida har også oversikt over hjelpetilbod, ein kan også få svar på det ein lurer på om vald og overgrep i spørsmålstenesta. Dinutvei.no er ei hjelpeside som alle kan nytte. Både dei som er tilsett i kommunal sektor, …

– Nasjonal rettleiar om vald i nære relasjonar

Nasjonal rettleiar om vald i nære relasjonar for tilsette i helse- og omsorgstenestene Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress har laga denne rettleiaren for tilsette i helse- og omsorgsteneste. Rettleiaren er også nyttig for tilsette i andre sektorar og for privat personar.

– Kommunedelplan for helse, omsorg og folkehelse

Kommunedelplan for helse, omsorg og folkehelse Kommunedelplanen vart vedteken i kommunestyret 16. mai 2024 og er i to delar, Kommunedelplan for Helse, omsorg og folkehelse del 1 og Kommunedelplan for Helse, omsorg og folkehelse del 2        

– Teieplikt

Teieplikta Personar som gjennom sitt arbeid eller si stilling får kunnskap om andre sine personlege, økonomiske eller forretningsmessige forhold har teieplikt etter norsk lov. Teieplikta er forankra i forvaltningslova, men ei rekke yrkesgrupper som for eksempel helsepersonell har forankra teieplikta også i helsepersonellova. Taushetsplikt, opplysningsrett og opplysningsrett i forvaltningen er ein rettleiar utarbeidd av regjeringa.   …

– Meldeplikt og opplysningsplikt til barneverntenesta som offentleg tilsett

Meldeplikt etter barnevernslova Kven har meldeplikt? Du har meldeplikt etter barnevernslova § 13-2 viss: Du er offentleg tilsett eller du utfører oppgåver for det offentlege Du er yrkesutøvar med profesjonsbestemd teieplikt Meldeplikten etter barnevernslova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt. Når har du plikt til å melde frå? Du …

– Film – Kven kan hjelpe Jesper?

“Kven kan hjelpe Jesper?” Filmen “Kven kan hjelpe Jesper” er utvikla av organisasjonen Voksne for barn. Voksne for barn jobbar for at alle skal få like moglegheitar til å ha og utvikle ei god psykisk helse. For å få til det så  er dei opptekne av at me treng trygge vaksne som kan vera der …

– Film – …og kven ser Johanne?

Filmen “…og kven ser Johanne” Filmen er utvikla av Voksne for barn. “Vaksne for barn” er jobbar for at alle skal få like moglegheitar til å ha og utvikle ei god psykisk helse. For å få til det så  er dei opptekne av at me treng vaksne som kan vera der når det trengs og …

– Pårøranderettleiar – barn som pårørande (Helsedirektoratet)

Helsedirektoratet har utarbeidd ein eigen rettleiar for å sikre at barn som pårørande vert varetekne Barn er utsette når familien rammast av alvorleg sjukdom. Viss barn som pårørande ikkje vert varetekne og møtt med innsikt og forståing av vaksne eller hjelpeapparatet kan situasjonen ha negativ innverknad på kvardagen til barnet i barnehage eller skule, sosialt …

– Nettstaden “Trygge råd til deg med barn”

“Trygge råd til deg med barn” er ei nettside utvikla av Bufdir. Foreldrekvardag  er ei nettside frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til alle foreldre med barn frå 0-18 år. Foreldrekvardag hjelper deg å forstå og kommunisere betre med barnet ditt ved å lære deg korleis barn utviklar seg og kva dei treng gjere deg meir …

– Nettstaden “Vaksne for barn”

“Vaksne for Barn” jobbar for at alle barn skal få lik moglegheit til å ha og utvikle ei god psykisk helse. For å få til det treng me trygge vaksne som kan vere der når ein treng det, og som har kunnskap til å ta gode avgjersler på vegne av barn og unge Organisasjonen  Voksne …

– Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing Handlingsplan mot mobbing Det jobbast med å utvikle ei ny rutine etter den nye Opplæringslova, den er under utvikling. 

– Plikt.no – ei nettside om avvergeplikta

Når har du avvergeplikt? Plikt.no er ei side om avvergeplikta. Alle i Noreg har avvergeplikt. Det betyr at me alle har plikt til å avverge lovbrot som: Drap Valdtekt Vald i nære relasjonar Seksuelle overgrep mot barn I dei tilfellene det ikkje er trygt å gripe inn sjølv så ha du likevel plikt til å …

– Melding til barneverntenesta som privatperson

Melding til barneverntenesta som privatperson Viss du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du sende ei mekymringsmelding til barnevernet. Du treng ikkje å vere sikker på at noko er feil for å melde i frå. Det er oppretta eigne nettsider med meldeskjema og rettleiing for privatpersonar.

– Nasjonale faglege råd om sjølvskading og sjølvmord

Nasjonale faglege råd om sjølvskading og sjølvmord – rettleiande materiell for kommunane om førebygging Helsedirektoratet har utarbeidd faglege råd om førebygging av sjølvskading og sjølvmord. Føremål Bidra til å redusere omfanget av sjølvskading og sjølvmord i befolkninga. Vere eit hjelpemiddel for å gjennomføre og videreutvikle innsatsen på området. Bidra til auka kvalitet og ein meir …

– Snakk om sjølvmord – ein nettressurs

Snakk om sjølvmord – ein nettressurs utvikla av RVTS Snakkomselvmord.no er ein nettressurs for helsepersonell og andre hjelpere som møter mennesker som sjølvskadar eller er i ei sjølvmordskrise.