Målsettinga med snakkemedbarn.no er å styrkje dein vaksne sine ferdigheiter til å snakke med barn dei er bekymra for på ein måte som gjer at barnet opplever at det er trygt

Nettstaden “Snakke med barn” er utvikla for tilsette i tenester som møter barn og ungdom både i barnehage, skule, helsetenester på ulike nivå, friviljugheit og aktivtetar osv.

Mange vaksne veit mykje om førekomst og konsekvensar av vald og seksuelle overgrep, men mange etterspør å omsetje denne kunnskapen til handlingskompetanse.

I ein travel kvardag i tenestene er det vanskeleg å få til til alt som skal prioriterast. Samstundes veit me at førekomsten av vald og overgrep aukar og at det treng vår merksemd.

Det er forankra i Lærdal kommune sin førebyggjande plan at tilsette i Lærdal kommune skal bruke snakkemedbarn.no til å styrkje sin handlingskompetanse på dette området.