Jegvet.no
Jegvet.no er ein gratis læringsressurs for barnehagar og skuler om mobbing, vald, overgrep og barns rettigheiter. Innhaldet er knytt til rammeplan for barnehagen og læreplan for skulen. “Jeg vet” er utvikla av Salaby i samarbeid med Redd barna på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
«Jeg vet» kan nyttast i arbeidet med å gje barn og unge kunnskap om:
• kropp, følelser og grenser
• tryggleik, inkludering og vennskap i barnehage og skule
• ulike formar for fysisk, psykisk og digital mobbing, krenkelsar, vald og seksuelle overgrep
• kva rettigheiter barn har til trygt barnehage- og skulemiljø, og å bli verna mot vald og overgrep
• kva norske lovar seier om mobbing, krenkelsar, vald og overgrep
• korleis barn kan få hjelp og støtte dersom dei er utsatt, eller sjølv utsetter nokon, for mobbing, krenkelser, vald eller overgrep