Grunnleggjande BTI-kompetanse
Her finn du Lærdal kommune sine nettressurser som skal vere til hjelp i BTI-arbeidet. Me jobbar heile tida med å auke kompetansen knytt til:
- Tidleg innsats
- Å snakke med barn
- Samarbeid og samordning kring barn og unge
- Risikofaktorar og faktorar som vernar
- Systematiske førebyggjande tiltak
Alle tilsette skal:
- Kjenne til dei ulike nivåa i handlingsrettleiaren
- Vita korleis dei går fram i handlingsrettleiaren og nytte den systematisk som rettesnor i arbeidet med tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
- Kjenne til kva dokumenter og verktøy som ligg tilgjengeleg i verktøykassa
- Vita og ha kompetanse om korleis dei skal fanga opp barn og unge dei kjenner ein uro eller bekymring for
- Ha kunnskap om korleis ein skal samtale godt med barn, unge og føresette. Bli gode på “den vanskelege” samtala.
- Kjenne lovverket knytt til teieplikt, opplysningsplikt, avverjeplikt og samtykke
- Ha god relasjonskompetanse
- Jobbe tillitsskapande
Tilsette som jobbar med barn 0-5 år eller føresette til barn 0-5 år skal:
- Vere med på opplæringsprogrammet “Tidleg inn”. Opplæringsprogrammet skal starte hausten 2024.
Her kan du lese om opplæringsprogrammet Tidleg inn
Lærdal kommune skal syte for at alle tilsette som jobbar med barn, unge eller vaksne som er føresette skal:
- Få kompetanseheving om temaene “Vald i være relasjonar” inkl. seksuelle overgrep
- Få kompetanse om temaene psykisk helse og rus hjå barn/ungdom og vaksne
- Ha tilgang på mennesklege ressursar som skal syte for å gje relevant opplæring og kompetanse om bruk av BTI modellen