Trygg til handling – ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge

Trygg til handling skal gje deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for. Programmet er enkelt å bruke, samtidig som det legg til rette for refleksjon og gruppearbeid. Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.