Helsedirektoratet har utarbeidd ein eigen rettleiar for å sikre at barn som pårørande vert varetekne

Barn er utsette når familien rammast av alvorleg sjukdom. Viss barn som pårørande ikkje vert varetekne og møtt med innsikt og forståing av vaksne eller hjelpeapparatet kan situasjonen ha negativ innverknad på kvardagen til barnet i barnehage eller skule, sosialt liv og barnets utvikling eller helse. Det er difor utarbeidd ein eigen Pårøranderettleiar som skal bidra til at barn som er pårørande får naudsynt oppfølging.