Samhandlingsmodell

Samhandlingsmodellen

I Lærdal kommune vil me saman leggje tilrette for ein oppvekst prega av trivsel, tryggleik og livsmeistring gjennom gode førebyggjande tiltak, tidleg innsats, samhandling og inkluderande fellesskap.


Samhandlingsmdellen består av tre nivå og beskriv korleis Lærdal kommune jobbar med oppvekst som heilheit.

  • Kommunenivået beskriv kva lovverk og lokale planar/satsingar som er førande for Lærdal kommune sitt arbeid med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn
  • Einingsnivået beskriv korleis dei ulike einingane jobbar med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Her finn ein oversikt blandt anna rutiner og struktur for tverrfaglege samarbeidspunkt mellom skule, barnehage og aktuelle hjelpetenester i kommunen.
  • Individnivået beskriv korleis den enkelte tilsette skal jobbe med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge. Her finn ein blandt anna oversikt over plikter, samarbeid med barenvernstenesta, informasjon om tverrfagleg rettleiingsteam m.m.

Statlege føringar

Statlege føringar Det finst ei rekkje lovar, forskrifter, rettleiarar, retningsliner og konvensjonar som regulerer og gjev rammer for Lærdal kommune sitt tenestetilbod til barn og unge. Her er ei oversikt over dei mest sentrale. Sentrale lovverk og konvensjonar Helse- og omsorgstenestelova Folkehelselova Pasient og brukarrettigheitslova Helsepersonellova Opplæringslova Barnehagelova Barnevernsloven Personopplysningslova Sosialtenestelova Psykisk helsevernlova Barnelova Familievernkontorlova …

Kommunale føringar

Kommunale føringar Kommuneplanens samfunnsdel Samfunnsdelen i kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste arbeidsverktøy for overordna langsiktig og heilskapleg planlegging. Kommuneplanens samfunnsdel Kommunedelplan for helse, omsorg og folkehelse Kommunedelplan for Helse, omsorg og folkehelse del 1 Kommunedelplan for Helse, omsorg og folkehelse del 2 Kommunedelplan for oppvekst Under utarbeiding- handsamast av kommunestyret hausten 2024 Temaplanen Førebyggjande plan …

Interkommunale samarbeid

Interkommunale samarbeid Indre sogn PPT Lærdal kommune kjøper pedagogisk psykologiske tenester hjå Indre Sogn PPT. Dei har kontor i Årdal og er faste dagar i Lærdal. Aurland og Lærdal barnevernsteneste Lærdal har felles barnevernsteneste med Aurland. Kommunepsykolog Lærdal og Aurland har felles kommunepsykolog. Felles legevaktssamarbeid – LMS Lærdal har eit felles legevaktssamarbeid med Lærdal, Årdal …

Medverknad

Medverknad i planprosessar Kommunen er igjennom plan- og bygningslova plikta til å leggje tilrette for medverknad i planprosessar og har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, der i blant barn og unge. Medverknad skal gå føre seg på alle nivå i samhandlingsmodellen. På kommunalt nivå betyr det …

Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsgrunnlag Kommunen er igjennom lova forplikta til å ha oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og kva som påverkar den. Kunnskap om helsetilstand og andre oppvekstvilkår skal vere førande for all planlegging i kommunen, og leggje føringar for tiltak kommunen set i gang. Telemarksforskning har nyleg gjort ei omfattande folkehelsoversikt på oppdrag for kommunen. Folkehelseoversikt Lærdal- …

Internkontroll og evaluering

Internkontroll og evaluering Korleis jobbar me med å dokumentere og evaluere arbeidet med identifikasjon, oppfølging og samhandling på ulike nivå i Lærdal kommune? Internkontroll Kommunen er gjennom kommunelova § 25-1 pliktig til å gjennomføre internkontroll. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. I praksis er det einingsleiarane i kommunen kom gjennomfører internkontroll i sine …

Tenester og tiltak

Tenester og tiltak Her finn de ei komplett oversikt over alle tenester som jobbar med oppvekst og ei oversikt over alle tiltak i Lærdal kommune.

Tverrfaglege møtearenaer

  Samhandlings-arena Mellom kven Føremål Kor ofte Ansvar Kommunenivå «Trygge Lærdal» Helse, oppvekst, teknisk, politiet, SLT- koordinator, leiar Østfold energi, kommune-direktør og ordførar Sikre samarbeid mellom politi og kommune X4 pr år SLT- koordinator BTI- styringsgruppe Einingsleiarar for helse, skulane, Lærdalsøyri barnehage, rådgjevar helse, rådgjevar oppvekst, BTI-prosjektleiar, kommune-direktør Styrings- og beslutningstakara i BTI prosjektet X2 …

Kvalitetssikring og evaluering

Kvalitetskontroll og evaluering Det overordna systemet for internkontroll i Lærdal kommune ligg i kvalitetssystemet Compilo, der ligg også alle rutinar og prosedyrer tilknytt einingane.  Ein del av internkontrollsystemet består også av årsmeldingar frå dei aktuelle einingane. Utviklingsmelding for skulane, planen “frå eldst til yngst”, handlingsplan mot mobbing og rutine for skulefråvær ligg tilgjengeleg på Lærdal …

Medverknad

Medverknad Kommuna er plikta gjennom lova å leggje til rette for medverknad i planprosessar og har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettlegging, der i blant barn og unge. Medverknad skal gå føre seg på alle nivå i samhandlingsmodellen. På kommunalt nivå betyr medverknad at innbyggjarane skal ha …

Omgrepsavklaring

Omgrepsavklaring Her kjem ei beskriving av viktige omgrep som ofte nyttast i samhandlingsmodellen og i handlingsrettleiarane. “Barn og unge” nyttast om alle under 18 år. Dette gjeld også unge inntil 25 år som mottek ettervern frå barnevernet og elevar i vidaregåande opplæring ut det skuleåret dei fyller 24 år. “Utsette barn og unge” eller “sårbare …

Risikofaktorar og faktorar som vernar

Risikofaktorar og faktorar som vernar Risikofaktorar: Dei mest alvorlege risikofaktorane med utgangspunkt i Kvello sin oversikt. Lista er ikkje uttømmande. Skadelege omsorgsformar (neglekt, alvorleg svikt, at barnet overtek ansvar og omsorgsoppgåver frå dei føresette) Alvorlege krenkingar (fysisk og psykisk vald, mishandling, seksuelle overgrep) Foreldre/føresette som er lite emosjonelt tilgjengelege, som viser kjenslemessig kulde eller negativisme …

Plikter for dei tilsette

Plikter Tilsette i tenester som jobbar med barn og unge eller med vaksne som er foreldre/føresette må forhalde seg til: Teieplikta, opplysningaplikta (meldeplikta) og averjeplikta. Avverjeplikta Ved enkelte formar for vald eller overgrep har alle ei plikt til å avverje. Det gjeld både om ein er offentleg tilsett eller privatperson. Avverjeplikta er eit personleg ansvar …

Samarbeid med barneverntenesta

Samarbeid med barneverntenesta Opplysningsplikta (“meldeplikta til barneverntenesta”) Opplysningsplikta til barneverntenesta er todelt. Du har ei sjølvstendig plikt til å melde i frå til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller utsett for seksuelle overgrep, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan omsorgssvikt. at …

Rettleiings- og konsultasjonsteam

Rettleiings- og konsultasjonsteam Tverrfagleg rettleiingsteam er eit tverrfagleg samansett team som kan nyttast av skule, barnehage og andre kommunale tenester. Teamet skal bidra til å sikre tidleg og rett hjelp til barn og familiar som treng det og kan nyttast i sakar der de som hjelpeinstans og familien ikkje finn vegen vidare. Teamet er sett …

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad Eit godt tilbod til barn, unge og føresette i kommunen er avhengig av at brukarane vert involvert. Brukarane har rett til å medverke, og tenester har plikt til å involvere brukaren. Brukarmedverknad er ein lovfesta rettigheit, det betyr at alle som jobbar med barn, unge og familiar MÅ leggje tilrette for medverknad frå brukarane …

Evaluering

Evaluering Me skal heile tida jobbe med å forbetre arbeidet vårt med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Då er det viktig at me jamleg evaluerer og jobbar med å utvikle og forbetre planane me har sett i verk på kommunenivå, einingsnivå og individnivå. Evaluering på individnivå På individnivå skal me jamleg evaluere handlingsrettleiaren …