Internkontroll og evaluering
Korleis jobbar me med å dokumentere og evaluere arbeidet med identifikasjon, oppfølging og samhandling på ulike nivå i Lærdal kommune?
Internkontroll
Kommunen er gjennom kommunelova § 25-1 pliktig til å gjennomføre internkontroll. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. I praksis er det einingsleiarane i kommunen kom gjennomfører internkontroll i sine einingar.
§ 25-1 i kommunelova seier vidare at kommunedirektøren skal:
- Utarbeide ei beskriving av verksemda sine hovudoppgåver, mål og og organisering
- ha nødsynte rutinar og prosedyrar
- avdekke og følgje opp avvik og risiko for avvik
- dokumentere internkontrollen i den forma og det omfanget som er naudsynt
- evaluere og ved behov forbetre skriftlege prosedyrar og andre tiltak for internkontroll
Evaluering
BTI modellen skal evaluerast årleg, gjennom spørjeskjema til brukarar av tenestene og til tilsette i kommunen. Det er prosjektleiar/BTI koordinator som har ansvaret for dette.
I tillegg vert den planlagde BTI undersøkinga som skal gjennomførast i 2027 ein god peikepinne på korleis modellen er implementert i kommunen. Undersøkinga skal gjennomførast av KORUS Bergen.