Kunnskapsgrunnlag

Kommunen er igjennom lova forplikta til å ha oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og kva som påverkar den. Kunnskap om helsetilstand og andre oppvekstvilkår skal vere førande for all planlegging i kommunen, og leggje føringar for tiltak kommunen set i gang. Telemarksforskning har nyleg gjort ei omfattande folkehelsoversikt på oppdrag for kommunen.

Det er også nyleg gjennomført ei BTI 0-punktsundersøking i samarbeid med KORUS Bergen. Undersøkinga hadde 80 % oppslutnad blandt tilsette i dei kommunale einingane som jobbar direkte eller indirkete med gravide, barn, unge eller vaksne som er foreldre/føresette. Resultata nyttast som grunnlag for kva kompetanseheving Lærdal kommune skal satse på framover for å vareta sårbare barn og unge framover på best mogleg måte. Det skal gjennomførast ei oppfølgande undersøking om 5 år.

I tillegg hentar kommunen oversikt over helsetilstand og kva som påverkar den frå fleire andre kjelder:

Kommunehelsa statistikkbank

Kommunehelsa statistikkbank har statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkninga i norske kommunar. Statistikkbanken kan blant anna gi viktig informasjon om kor mange barn og unge i kommunen som lev trangt eller i familiar med låginntekt.

Ungdata

Ungdata er ein lokal barn- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Svara frå undersøkinga skal brukast av kommunen i planarbeid og i anna forbetringsarbeid.

Folkehelseinstituttets oppvekstprofil

Eit godt oppvekstmiljø er viktig for barn og unge si utvikling. Oppvekstprofilen viser nokon av kommunen sine styrkar og utfordringar, og nyttast i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.

Folkehelseinstituttets folkehelseprofil

Folkehelseprofilen tar kvart år føre seg ulike tema innanfor folkehelse. Profilen viser relevant statistikk i høve til tema, og viser kommunen sine styrkar og utfordringar. Folkehelseprofilen er eit viktig verktøy som nyttast i oversiktsarbeidet og i planarbeid i kommunen.

Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei årlig undersøking som gjennomførast av utdanningsdirektoratet der elevar får seie si mening om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.