Medverknad i planprosessar
Kommunen er igjennom plan- og bygningslova plikta til å leggje tilrette for medverknad i planprosessar og har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, der i blant barn og unge.
Medverknad skal gå føre seg på alle nivå i samhandlingsmodellen. På kommunalt nivå betyr det at innbyggjarane skal ha moglegheit til å medverke i utarbeiding av overordna planar i kommunen. Medverknad kan gå føre seg på ulikt vis, for eksempel med opne møter eller ved involvering i høyringsprosessen. I Lærdal kommune er det også etablert ungdomsråd og råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne, desse råda kan også nyttast for rådgiving i planprosessen.
Eksempel frå Lærdal kommune:
I den seinaste tida har det pågått eit omfattande planarbeid i kommunen. Då har det blandt anna vore gjennomført workshops for barn og unge, utsending av spørjeskjema til føresette i tillegg til at ungdomsrådet og råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne har vore involvert i planprosessen.