Risikofaktorar og faktorar som vernar

Risikofaktorar:

Dei mest alvorlege risikofaktorane med utgangspunkt i Kvello sin oversikt. Lista er ikkje uttømmande.

  • Skadelege omsorgsformar (neglekt, alvorleg svikt, at barnet overtek ansvar og omsorgsoppgåver frå dei føresette)
  • Alvorlege krenkingar (fysisk og psykisk vald, mishandling, seksuelle overgrep)
  • Foreldre/føresette som er lite emosjonelt tilgjengelege, som viser kjenslemessig kulde eller negativisme mot eige barn. Dette kan vere like skadeleg som andre formar for vald eller omsorgssvikt og kallast emosjonell mishandling.
  • Rusmiddelbruk hjå føresette, også under graviditet
  • Alvorlege formar for psykiske lidingar hjå dei føresette. Ein må vere spesielt merksame på barn som er pårørande.
  • Utviklingsvanskar som ikkje vert forstått og hjelpt. Døme: Det tek lang tid å få ei ADHD diagnose eller at mange med utviklingshemming vert ikkje oppdaga, eller at dei som har dysleksi eller lærevanskar ikkje vert oppdaga og gjeve rett hjelp. Dette gjev følgjevanskar som: sosialt utanforskap, åtferdsvanskar og fagleg utanforskap.
  • Skadeleg psykososialt miljø i barnehagar og skular (dette er ekstra skadeleg for dei sårbare barna som meir enn andre er avhengig av barnehage og skule som ein støttande og inkluderande arena):
    • Mobbing
    • Hyppig utskifting av personale (eks. høgt sjukefråvær)
    • Manglande tilsyn
    • Manglande tryggleik
    • Manglande omsorg frå dei tilsette
    • Svakt utvikla struktur/rutinar/reglar
  • Høgt fråvær frå skule eller barnehage
  • Levekårsutfordringar (ein betydeleg og undervurdert risikofaktor)
    • Manglar bustad
    • Fattigdom
    • Multistressande miljø (har mange belastningar. Til dømes: kronisk sjukdom, traumer, lite pengar, usikker bu-situasjon, samspelsvanskar i familien)

Faktorar som vernar:

Faktorar som vernar med utgangspunkt i Kvello sin oversikt, lista er ikkje uttømmande.

  • Barnet fungera aldersadekvat eller betre på alle basalkompetanseområda: Kognitiv, språkleg, åtferd/moral, emosjonelt, sosialt og motorisk (mindre vanskar knytt til motorikk tolererast)
  • Frå barneskulealder à Karakteriserast av fleire av følgjande eigenskapar:
    • Framtidsoptimisme
    • Har eit positiv sjølvbilete
    • Pregast av meistringsorientering
    • Mottek mange stadfestingar i frå andre personar på at dei er likt
    • Er sosiale av natur og er prososial (åtferd som er positiv, konstruktiv og hjelpande) og har vener/tilhøyrar eit sosial fellesskap som også er prososiale.

og

  • Barnet tilpassar seg godt i barnehage/skule (om skulen er velfungerande) Det betyr å lære å forhalde seg til rutinar, godta grenser, at dei fungera godt i sosiale relasjonar, lågt fråvær, samt har frå gode til betre skulefaglege prestasjonar.
  • Omsorgspersonane har gode omsorgsferdigheiter som pregar deira omsorgsutøving.
  • Foreldre/føresette er godt integrert i samfunnet, dvs.: er i utdanning/jobb, har frå ordiner eller betre fungering psykisk og sosialt.
  • Einigheit mellom barnets viktigaste omsorgspersonar om kva vegval som skal takast, verdiar som skal vektleggast, oppslutning om val som takast og at vala er føremålstenlege for barnet.
  • Omsorgspersonane engasjerer seg positivt i korleis barnet har det i barnehage/skule.
  • Foreldre/føresette samarbeider godt med tilsette i barnehage/skule viss barnet har pedagogiske utfordringar.
  • Barnet har jamleg tilgang til velfungerande vaksne i tillegg til føresette som:
    • Investera tid
    • Har mange positive følelsar for barnet
    • Har god omsorgskompetanse
  • Frå 8 –års alder: barnet har ein hobby, fritidsinteresse – oppleving av meistring