Omgrepsavklaring

Her kjem ei beskriving av viktige omgrep som ofte nyttast i samhandlingsmodellen og i handlingsrettleiarane.


“Barn og unge” nyttast om alle under 18 år. Dette gjeld også unge inntil 25 år som mottek ettervern frå barnevernet og elevar i vidaregåande opplæring ut det skuleåret dei fyller 24 år.

“Utsette barn og unge” eller “sårbare barn og unge” er barn og unge med risiko for å utvikle problem som kan føre til mangelfull grunnopplæring, med påfølgande utfordringar knytt til utdanning, arbeid og helse, og som står i fare for marginalisering.

“Marginalisering” nyttas om barn og unge som står i fare for å falle utanfor.

“Foreldre og føresette” nyttast om mor, far eller andre som har dagleg omsorg/foreldreansvar for barnet eller ungdommen.

“Bekymring” eller “urolig for” nyttast om ei skjønnsmessig vurdering basert på kjente risikofaktorar og faktorar som vernar, og teikn som gjev grunnlag for bekymring eller uro. Begrepet definerast annleis under barnevernlova, der syner ein til kriterier for meldeplikta til barnevernet ved bekymring.

“Risikofaktorar” er tilhøve som øker risikoen for at barn og unges utvikling vert hindra eller hemma, det kan vere knytt til barnet sjølv, til foreldre/føresette og/eller miljø/barnehage- og skulemiljø for øvrig.

“Faktorar som vernar” er faktorar som dempar risikoen for å utvikle problem når risikofaktoar er til stades, som f.eks. positive familiemessige forhold.