Brukarmedverknad

Eit godt tilbod til barn, unge og føresette i kommunen er avhengig av at brukarane vert involvert. Brukarane har rett til å medverke, og tenester har plikt til å involvere brukaren. Brukarmedverknad er ein lovfesta rettigheit, det betyr at alle som jobbar med barn, unge og familiar MÅ leggje tilrette for medverknad frå brukarane dei møter gjennom sitt virke.


Brukarmedverknad på individnivå

Kan bety å lytte til det barnet og ungdommen seier og ta dei med på råd i sakar som omhandlar dei. Brukarmedverknad inneberer at brukaren betraktast som ein likeverdig part i diskusjonar og beslutningar som gjeld dei. I møtet mellom brukar og hjelper er kommunikasjon heilt avgjerande for å sikre brukarmedverknad.

Nokre punkt som er viktige å hugse på i møte med brukarar:

  • Å ta brukaren på alvor
  • Å behandle brukaren med respekt
  • At brukaren har tillit og kjenner seg trygg i lag med hjelparen
  • At brukaren får hjelp på eit tidlegast mogleg tidspunkt når behovet er der.

Barnets rett til å bli høyrd

Barnelova seier at jo eldre barnet er, jo meir må dei vaksne ta omsyn til barnets meiningar når det skal takast avgjersler som angår barnet.

  • Barn som har fylt 7 år og som er i stand til å danne eigne synspunkt skal få informasjon og moglegheit til å seie si meining før det vert teke personlege avgjersler.
  • Når barn har fylt 12 år, så skal dei få seie si meining i alle spørsmål som vedgår eiga helse. Meininga deiras skal tilleggjast stor vekt.
  • Barn som har fylt 15 år skal få bestemme endå meir, og meir og meir fram til 18 års alder.
  • Når ungdommen har fylt 16 år har vedkommande nådd “helserettsleg myndighetsalder” og kan sjølv samtykke til helsehjelp.
  • Når ungdommen er 18 år, er ungdommen myndig og bestemmer over seg sjølv.

Barnets krav på informasjon i henhold til alder:

  • Barn under 16 år: både barnet og foreldra, eller andre som varetar foreldreansvaret, skal ha informasjon. Barnet har uansett alder krav på tilpassa informasjon om sin helsetilstand og behandling.
  • Barn frå 12-16 år: Helsepersonell kan unnlate å informere foreldra dersom barnet ikkje ynskjer dette og ynskjet er basert på grunnar som bør respekterast.
  • Ungdom 16-18 år: Utgangspunktet er at foreldre ikkje har rett til informasjon utan at ungdommen samtykker. Helsepersonell har likevel informasjonsplikt uten ungdommens samtykke dersom foreldra ikkje kan utøve sitt foreldreansvar utan informasjonen.

Retten til medverknad føljer Grunnlova §104. “Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.”

Barnekonvensjonen

FNs barnekonvensjon art.12. “Barnet har rett til å si sin mening i alt som angår det. Barnets meninger skal telle.”

Pasient- og brukarrettigheitslova

Pasient- og brukarrettigheitslova §3-1…Medvirkningens form skal tilpasses den enkeltes evne til å gi og motta informasjon. Barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal gis informasjon og høres. Det skal legges vekt på hva barnet mener, i samsvar med barnets alder og modenhet.”

Barnelova

Barnelova § 31. “Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd om personlege forhold for barnet, mellom anna om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.”