Evaluering

Me skal heile tida jobbe med å forbetre arbeidet vårt med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Då er det viktig at me jamleg evaluerer og jobbar med å utvikle og forbetre planane me har sett i verk på kommunenivå, einingsnivå og individnivå.


Evaluering på individnivå

På individnivå skal me jamleg evaluere handlingsrettleiaren og bruken av denne. For at rettleiaren skal vere eit godt verktøy for alle tilsette som arbeider tett på barn og unge er det viktig at rettleiaren er “levande” og heile tida tilpassast etter behov og utfordringar i dei ulike kommunale einingane.

Det er BTI koordinator som jamleg tek opp handlingsrettleiaren til evaluering og held “tråden” ute i dei ulike einingane.