Plikter

Tilsette i tenester som jobbar med barn og unge eller med vaksne som er foreldre/føresette må forhalde seg til: Teieplikta, opplysningaplikta (meldeplikta) og averjeplikta.


Avverjeplikta

Ved enkelte formar for vald eller overgrep har alle ei plikt til å avverje. Det gjeld både om ein er offentleg tilsett eller privatperson. Avverjeplikta er eit personleg ansvar og er heimla i straffelova § 196.

Avverjeplikta utløysast i det du får kunnskap om ei handling vil skje eller du trur det er mest sannsynleg at hendinga vil skje. Dersom hendinga allereie har skjedd har ein plikt til å forhindre skadar eller konsekvensar av den. Det same gjeld om det er fare for gjentaking av hendinga.

Ein kan avverje ved å varsle politi, barnevern eller på annan måte forhindre at hendinga skjer ved å hjelpe den utsette i sikkerheit, for eksempel på krisesenter eller på sjukehus.

Opplysningsplikta (“meldeplikta til barneverntenesta”)

Opplysningsplikta til barneverntenesta er todelt. Du har ei sjølvstendig plikt til å melde i frå til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn

  • vert mishandla eller utsett for seksuelle overgrep, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan omsorgssvikt.
  • at eit born har ei livstruande eller alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling.
  • at eit born med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt eit særleg behov for behandling eller opplæring.
  • at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskjehandel

eller

  • når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd.

Tilsette har også plikt til å svare når barneverntenesta ber om opplysningar.

Privatpersonar har også eit moralsk ansvar for å melde i frå, men ikkje eit juridisk ansvar slik offentlege tilsette og helsepersonell har.

Er du usikker på om du skal melde til barnevernet?: Då har du høve til å ringe til barnevernstenesta og drøfte saka anonymt.

Telefonnummer til Aurland og Lærdal barnevernsteneste: 90 88 48 63

Telefonnummer til barnevernvakta (bemanna heile døgnet): 90 21 34 81

Teieplikta

Teieplikta begrensar retten til å bringe vidare opplysningar om personlege forhald. Det dreiar seg vanlegvis om opplysningar som berørar ein person sin fysiske og psykiske helse, og opplysningar som på annan måte høyrer privatlivet til.

Helsepersonell eller tilsette i skule og barnehage, må som hovudregel halde teieplikta si, med mindre det føreligg samtykke eller om det er forhald som opphever teieplikta, slik som opplysningsplikt til barneverntenesta eller averjeplikta.

Alle tilsette som jobbar i offentleg forvaltning eller som handlar på vegne av stat eller kommune har teieplikt. Dette er heimla i forvaltningslova § 13. Nokre yrkesgrupper har i tillegg særskilt teieplikt gjennom ulike særlovar som for eksempel helsepersonellova.

Om teieplikt i forvaltningslova

Om teieplikt i barnehagelova

Om teieplikt i opplæringslova

Om teieplikt i helsepersonellova