Samarbeid med barneverntenesta
Opplysningsplikta (“meldeplikta til barneverntenesta”)
Opplysningsplikta til barneverntenesta er todelt. Du har ei sjølvstendig plikt til å melde i frå til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn
- vert mishandla eller utsett for seksuelle overgrep, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan omsorgssvikt.
- at eit born har ei livstruande eller alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling.
- at eit born med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt eit særleg behov for behandling eller opplæring.
- at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskjehandel
eller
- når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd.
Tilsette har også plikt til å svare når barneverntenesta ber om opplysningar.
Privatpersonar har også eit moralsk ansvar for å melde i frå, men ikkje eit juridisk ansvar slik offentlege tilsette og helsepersonell har.
Er det mistanke om at foreldre/føresette utsett barn/unge for vald og overgrep skal IKKJE foreldra/føresette orienterast om at barnevernstenesta vert kobla på.
Er du usikker på om du skal melde til barnevernet?: Då har du høve til å ringe til barnevernstenesta og drøfte saka anonymt.
Telefonnummer til Aurland og Lærdal barnevernsteneste: 90 88 48 63
Telefonnummer til barnevernvakta (døgnbemanna): 90 21 34 81
Dersom du skal gje ei bekymringsmelding til barnevernstenesta treng den ikkje å vere skriftleg, men det er ein fordel med skriftleg melding for å sikre at alle opplysningar kjem med. Sjå lenkje til meldeskjema på høgre side.
Anna samarbeid med barneverntenesta
I mange sakar er barneverntenesta ein naturleg samarbeidspart og hjelpeinstans, også når meldeplikta ikkje er utløyst. I slike sakar har du ikkje plikt til å melde, men dersom du meiner det er til det beste for barnet, bør du introdusere barneverntenesta som ein aktuell hjelpeinstans for barnet og familien. Ein kan også ta kontakt med barneverntenesta i framkant slik at tenesta kan møte den tilsette og familien og då informere om kva hjelpetiltak dei kan bidra med. For å få hjelp frå barenvernstenesta må det liggje føre ei melding, i slike tilfeller kan meldinga skrivast i saman med foreldra/føresette og evt. barnet/ungdommen. Hugs: Forledre/føresette skal ikkje kjenne til meldinga dersom det er mistanke om vald eller overgrep i frå foreldre/føresette.