Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har helsesjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga er fordelt mellom Lærdalsøyri og Borgund skule.

Les meir om skulehelsetenesta på Lærdal kommune sine heimesider.

Tenesta har også ei 50 % stilling som er knytt til prosjektet “Tett på barn og unge”. Personen som innehar denne stillinga har som arbeidsoppgåve å vera tettare på barn og unge. Det er prosjektplanen til “Tett på barn og unge” som er førande for dette arbeidet. Den som har stillinga jobbar mykje med undervisningar, gruppesamtalar og anna tverrfagleg arbeid. Tiltaket “Kom heimatt for ungdom” er knytt til denne stillinga.

Telefon: 48 17 29 85