Kosen juniorklubb

Kosen juniorklubb er eit gratis tilbod til alle elevar i 6. og 7. klasse og har ope kvar måndag frå kl. 17.00 – 19.00.

Hensikta er at elevane skal ha eit lågterskel aktivitetstilbod og å vere i lag. Det er også meint som eit tiltak for at overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen skal bli lettare og for at ungdommane på Borgund skal bli kjent med dei frå Øyri før dei byrjar i 8. klasse.

Det er lagt tilrette for skysstilbod for dei som skal oppover i dalen. Skyssen går kl. 19.00.

Eigenandel for buss heim: 20 kr (påmelding og betaling når du kjem på klubben)

Juniorklubben har ope kvar måndag frå 17.00 – 19.00.