Helsestasjonstenesta

Helsesjukepleiar sitt viktigaste arbeidsområde er å følga med på barnet si utvikling og støtte dei føresette slik at dei meistrar foreldrerolla best mogleg. Helsestasjonstenesta har også ansvar for å følgje opp barnevaksinasjonsprogrammet.

Helsestasjonstenesta er ei lovpålagt, gratis teneste som følgjer alle barn og deira føresette frå fødsel og fram til skulestart. På helsestasjonen jobbar jordmor, helsesjukepleiar og helsestasjonslege. Oppfølginga skjer i hovudsak via helsestasjonsprogrammet som består av 14 treffpunkt/konsultasjonar, der fyrste møte er innan 10 dagar etter at barnet er fødd. Helsestasjonen føl også opp med ekstra møtepunkt der familien har behov for det.

Ta kontakt med helsestasjonen på telefonnummer 48 17 29 85