Lærdal kommune er ein del av Sunnfjord og Sogn familiekontor avd. Sogndal. Familievernkontoret tilbyr rådgjeving, rettleiing, kurs og samtalegrupper i høve ulike tema. Familievernkontoret er eit lågterskeltilbod, og ein treng ingen tilvisning for å få hjelp der.
Døme på tema/problemstillingar ein kan ta opp med familiekontoret er:
- Hjelp i parforholdet
- Hjelp til samarbeid om felles barn (for foreldre/føresette som ikkje bur ilag)
- Tilbod til foreldre som er fråteke omsorga for barnet sitt
- Hjelp til familien som feks. foreldrerettleiing eller anna støtte til familien.
- Hjelp til barn og unge
- Mekling ved samlivsbrot
Tilbodet er gratis og ein kan sjølv ta kontakt direkte med Familievernkontoret