Barnevernstenesta er ei teneste som jobbar med å fremje ein trygg barndom og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Deira hovudoppgåve er å beskytte barn mot omsorgssvikt og sikre barn tryggleik og moglegheit for å utvikle seg.
- Barnevernstenesta gjev fyrst og fremst hjelp i heimen, til foreldre/føresette, slik at dei sjølv skal kunne meistre det å vere i foreldrerolla.
- råd og rettleiing
- avlastningstiltak
- støttekontakt
- barnehageplass
Barnevernet jobbar mykje med å finne ut kva som er barnets beste i kvar einskild sak. Målet er alltid at barnet skal få det betre i heimen sin.
Telefonnummer til barnevernvakta for Indre Sogn:
90 21 34 81
Telefonnummer til Aurland og Lærdal barnevernteneste v/leiar Anja Brekke Moldvær:
90 88 48 63
Bekymra for eit barn?
Det er no mogelg å melde bekymring elektronisk både som offentleg tilsett og som privatperson