Overgrepsmottaket er ein del av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt.
For å få hjelp hjå overgrepsmottaket kan ein ringje 116 177 og be om å bli satt over (alle legevaktsentralar har direktenummer til overgrepsmottak) eller ein kan ringe 57 72 37 48.
Dersom du ynskjer at overgrepsmottaket skal ta kontakt med deg så kan du sende ein SMS til 92 98 87 85. Då vert du kontakta i tidsrommet måndag – fredag mellom 09.00 og 15.30.
Overgrepsmottaket tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.
Det er viktig at du kjem til overgrepsmottaket snarast mogleg etter eit overgrep, for å få den beste helsehjelpa og best mogleg dokumentasjon av kva som har skjedd.
Det er viktig å ikkje vaske seg eller byte klede før du kjem til overgrepsmottaket. Kom som du er!
Det er ingen tidsfrist for å ta kontakt, og du kan også ta kontakt med oss, lang tid etter at overgrepet har skjedd.
Tilbodet er gratis.