Ergoterapitenesta

Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremje aktivitet, deltaking og inkludering av barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet

Barn tek til seg kunnskap og utviklar seg gjennom aktivitet i samspel med fysiske og sosiale omgjevnader.

Mange barn vert hindra frå å delta i leik, skule og nærmiljø pga. ulike utfordringar og opplever difor utanforskap fordi dei ikkje meistrar dei ulike krava og forventningane som dei vert stilt ovanfor.

Ein ergoterapeut skal fremje meistring og tidleg innsats for barn og unge ved å hjelpe til med å tilretteleggje slik at barnet kan meistre det same som andre.

Ergoterapitenesta er gratis. 

Ergoterapeut i Lærdal kommune er:

Synnøve Kvamme, tlf.:  45 87 31 80