BUP står for Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk og hjelper barn under 18 år med si psykiske helse. BUP held til i Sogndal og ein må ha ei tilvising frå fastlegen for å få time der, det er eit skriv frå fastlegen som fortel kvifor ein har behov for hjelp i frå BUP.
Innbyggjarar i Lærda kommune høyrer til Sogndal BUP som ligg under Helse Førde.
På BUP kan ein snakke om alt:
- mobbing
- einsemd
- konfliktar
- problem heime
- vanskelege tankar og følelsar
- vonde opplevingar
eller andre ting som er vanskeleg i livet. BUP gjev også rettleiing til foreldre/føresette om korleis dei kan hjelpe barnet best mogleg.