PP-tenesta

PP-tenesta i Lærdal kommune er ein del av Indre Sogn PPT og er lokalisert i Årdal kommune.

PP-tenesta har faste dagar i Lærdal kommune. PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule og tek i mot henvendingar frå barnehagar og skular. Tenesta er gratis.

Områder PPT kan hjelpe med er mellom anna:

  • Mistanke om førseinka utvikling
  • Språk, tale og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Konsentrasjons- og merksemdsvanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonshemming
  • Framskoten eller utsett skulestart

PPT hjelper også barnehagane og skulane med utviklingsarbeid gjennom at skule eller barnehage melder ei “systemsak”. Det betyr at PPT ikkje hjelper einskildindivid, men kan retteleie skulen feks. når det gjeld klassemiljø.