Psykisk helseteneste for barn og unge

Psykisk helseteneste for barn og unge er eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar i kommunen.

Kontaktinformasjon

Randi Midtgård, klinisk sosionom

Sentralbordnummer: 48 17 29 85 

Direktetelefon: 47 99 11 82


Tenesta er organisert under helsestasjons- og skulehelsetenesta og har kontor på helsestasjonen.

Målet med tenesta er at alle barn, unge og familiar som har behov for det skal få tidleg hjelp lokalt i kommunen. Ein treng ikkje henvisning. For å kome i kontakt med tenesta kan ein ta direkte kontakt eller ta kontakt gjennom helsestasjons- og skulehelsetenesta, skulane eller andre som til dømes fastlegen.

Tenesta jobbar tett i saman med skulane, barnehagane, helsestasjons- og skulehelsetenesta, PPT, BUP, fastlegane og andre vaksentenester.

Tenesta jobbar både på individ- og systemnivå. Det betyr:

  • Samtalar med barn og familiar
  • Førebyggjande arbeid
  • Tiltak på gruppenivå
  • Rettleiing og samarbeid med andre tilsette
  • Foreldrerettleiing, individuelt eller i grupper (dette tilbodet kjem etterkvart)
  • Ein sentral del av det overordna arbeidet med BTI og tidleg innsats i kommunen
  • Ein sentral del av arbeidet med TryggEst i kommunen: TryggEST – vern for risikoutsatte vaksne