Eit foreldrenettverk vil si at foreldre i ei klasse vert kjent med kvarandre og lagar eit formelt eller uformelt nettverk
Foreldre/føresette er ungane sine viktigaste støttespillarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre/føresette skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å dele erfaringar med nokon som har barn på same alder.
Me oppmodar om å begynne med foreldrenettverk allereie i fyrste klasse. Det er viktig å etablere nettverket sopass tidleg slik at foreldregruppa kjenner kvarandre godt før aktuelle utfordringar/problemstillingar dukkar opp. Aktuelle utfordringar kan også endre eg etterkvart som ungane vert eldre.
Foreldrenettverka kan for eksempel ha faste møtepunkt eller chattegrupper. I desse formua kan ein utveksle erfaringar om kvardagslege sakar og/eller felles utfordringar knytt til foreldrerolla eller barne- og ungdomsgruppa.
Eit godt foreldrenettverk skapar tryggleik for både barna og foreldra. Foreldregrupper kan opprettast på initiativ frå skulen gjennom for eksempel foreldremøter, men det er foreldra som skal eige og drive gruppene videre. Det er mest føremålstenleg at denne rolla ligg til klassekontaken. Det er opp til foreldrenettverket om dei ynskjer å invitere andre inn i møta. Det kan feks. vere politi, helsesjukepleiar eller andre som kan gje råd og informasjon om oppvekstmiljø eller andre faktorar som påverkar korleis barn og unge har det.
Foreldrenettverk virkar førebyggjande på fleire plan:
- Aukar trivsel til både elevar og foreldre.
- Gjev tilknytning til klassen og skulen.
- Legg grunnlaget for inkludering i det sosiale fellesskapet.
- Gjev hjelp til utvikling av felles normar og reglar i foreldregruppa.
- Ein kan få eller gje beskjed til andre foreldre om ting dei bør vite om eller om det er noko som har skjedd.
Tips til kva ein kan drøfte i eit foreldrenettverk:
- Skjerm: Kor mykje skjermtid er ok? Og kva er greit å sjå på for barn i deirast alder?
- Sosiale media: Det er viktig for foreldre å følgje nøye med på kva barna gjer i sosiale media, kven dei følgjer, kva dei legg ut og kva dei chattar om. Mykje av mobbinga som skjer i dag skjer i sosiale media, dette er vansklegare å få informasjon om som foreldre. Difor er det viktig å halde eit ekstra godt auge med på dette.
- Utetider: Kor lenge er det greit at barn på deirast alder er ute om kvelden, og kva er rutinane for å seie frå om kor dei er og kva de gjer?
- Mobbing: Foregår det mobbing på eller utanfor skulen som foreldra bør snakke om heime?
- Oppgåver i heimen: Kva oppgåver bør barna ha heime? Kanskje får dei vekepeng? Det kan vere fint for barn og unge å vete at vener og klassekameratar også har plikter heime.
- Handtering av konfliktar: Kva er god konflikthandtering for ditt barn? Dette er sjølvsagt individuelt, men kan vere fint å drøfte med nokon som kanskje har vore i same situasjon eller som har det på same måte.
Du kan lese meir om foreldrenettverk her
Filmen syner at me har meir til felles enn det me trur. Ein ting me har til felles i Lærdal er ungane våres. Derfor er det viktig at me står i lag og hjelper kvarandre.