BTI Lærdal - Tiltak - Aldersinndeling - Svangerskap - Fritidskasse – så alle barn får vera med!

Fritidskasse – så alle barn får vera med!

Kanskje du kjenner nokon som kunne trengt litt ekstra hjelp til å delta på idrett, musikk eller andre kjekke ting?

Fritidskassa er ein pott med pengar som kommunane får for å støtta born og unge som treng litt ekstra hjelp for å vera med på fritidsaktivitetar. Det kan vera alt frå å dekkja medlemskontingent til å kjøpa utstyr.

Fritidsaktivitetar er viktig – dei gir gode opplevingar, nye venner og ikkje minst, meir glede i kvardagen. Difor skal Lærdal kommune i tett samarbeid med lag og foreiningar nå meir direkte ut til dei borna og ungdomane som treng det, og sørgja for at økonomi ikkje er til hinder.

Søknadsprosessen er ubyråkratisk, rask og enkel, sidan me forvaltar Fritidskassen med stor tillit til deg som søkjar.

Du finn søknadsskjema her

 

Ikkje grunn for vidare bekymring?

Avslutt saka og gje informasjon om at familien når som helst kan ta kontakt dersom dei har behov for hjelp, støtte, rettleiing seinare. Ingen sakar er for små eller for store. Dess tidlegare dei ber om hjelp, dess mindre sjans er det for at situasjonen utviklar seg negativt.