Trygg til handling – nettressurs

Alle som jobbar med barn og unge i Lærdal kommune skal jamleg nytte nettressursen “Trygg til handling” for å bli trygge på å snakke med barn og unge om vald og seksuelle overgrep. Ressursen skal nyttast i lag med ressursane “snakke med barn” og “jeg vet”.

“Trygg til Handling” skal gi meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis ein kan snakke med dei ein er bekymra for.

Programmet er enkelt å bruke, samtidig som det legg til rette for refleksjon og gruppearbeid.  Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.