Rettleiings- og konsultasjonsteam

Rettleiings- og konsultasjonsteam

Rettleiings- og konsultasjonsteam er eit tverrfagleg samansett team der ein kan få rettleiing i korleis ein kan hjelpe eit barn eller familien videre

Som ein del av kommunen si satsing på tidleg innsats og betre tverrfagleg samarbeid (BTI) er det oppretta eit rettleiings- og konsultasjonsteam for tilsette i barnehage, skule og andre kommunale tenester (tenester som jobbar med vaksne som er
foreldre/føresette). Dette er eit tilbod som skal hjelpe deg som tilsett i sakar der du ikkje veit kva du skal gjere med ei bekymring eller ein sak du ikkje kjem vidare med. Hensikta er at du som tilsett skal få tverrfagleg rettleiing og støtte.
Aktuelle sakar kan vere anonyme eller med samtykke frå foreldre/føresette. Det er også moglegheit for foreldre/føresette til å vere med på rettleiinga dersom dei ynskjer det. Då ynskjer teamet attendemelding på dette i framkant av møtet.

Samtykkeskjema ligg også under fana verktøy inne på denne nettsida.

Medlemmane i rettleiings- og konsultasjonsteamet er:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjons- og
    skulehelsetenesta
  • PPT
  • Barnevernstenesta.
  • Psykisk helseteneste for barn og unge
  • BUP (er med 4 gonger i året)

Møtedatoar for hausten 2025 (det er ikkje avklara kva datoar BUP skal vere med endå): 

  • 29. september frå 14.00 – 15.30
  • 27. oktober frå 14.00 – 15.30
  • 24. november frå 14.00 – 15.30
  • 15. desember frå 14.00 – 15.30

Innmelding av sakar: 

Det er ikkje naudsynt å melde inn sak på førehand, men ein lyt sende ein e-post til: Silje.langehaug@laerdal.kommune.no om at ein ynskjer rettleiing frå teamet.

Det er også fint viss ein kan reflektere over  punkta i dette skjemaet på førehand.  Slik at me i teamet får mest mogleg informasjon.

Rettleiinga går føre seg etter metoden “Reflekterande team”.