Ressursteam – fyrste møtepunkt
Frå hausten 2026 vert det ressursteam ved:
- Lærdalsøyri skule – kvar veke
- Lærdalsøyri barnehage – 2 gonger per månad
- Oppvekst Borgund – 1 gong per månad
Kva er ressursteam?
Ressursteam er eit lågterskel, tverrfagleg rettleiingstilbod for barnehagar og skular.
Her kan ein ta opp både små og store undringar eller bekymringar kring eit barn eller ein ungdom. Målet er å finne gode løysingar tidleg og koordinere hjelpa rundt barnet og familien.
Faste deltakarar
- Skule-/barnehageleiing
- PPT
- Helsestasjon/skulehelsetenesta
- Psykisk helseteneste for barn og unge
Ved Lærdalsøyri skule deltek også andre, til dømes:
- sosiallærar
- spesialpedagogisk koordinator
- andre aktuelle fagpersonar
Kontaktlærar eller pedagogisk leiar møter i teamet og legg fram saka etter samtykke frå foreldre/føresette.
Ved behov kan andre tenester koplast på.
✔ Før ressursteamet
Den som tek opp saka skal:
- beskrive eiga undring eller bekymring
- beskrive foreldre/føresette si undring eller bekymring
- innhente samtykke frå foreldre/føresette
✔ Etter ressursteamet
Den som eig saka skal:
- informere foreldre/føresette om det som vart drøfta
- følgje opp dei tiltaka som vart avtala saman med barnet og familien
- koordinere vidare oppfølging ved behov
- opprette stafettlogg der det er naudsynt
Kva gjer ein dersom arbeid i ressursteamet ikkje fører fram?
Dersom ein ikkje kjem vidare eller treng breiare tverrfagleg rettleiing, kan saka meldast vidare til rettleiings- og konsultasjonsteamet.
- Samtykke frå foreldre/føresette er framleis naudsynt.
- Det bør etablerast gode rutinar i ressursteama for når saker skal løftast vidare.