Rettleiings- og konsultasjonsteam

Datoar for rettleiings- og konsultasjonsteam hausten 2026

21. september frå 14.00 – 15.30 (BUP er med)

7. desember frå 14.00 – 15.30

Det tredje møtepunktet for hausten 2026 utgår pga. eit tverrfagleg dialog-/samhandlingsmøte mellom alle instansane som er med i teamet.

Alle sakar frå barnehagane og skulane skal fyrst opp i ressursteam. Sjå tekst under. 

Endring i struktur for ressursteam og rettleiings- og konsultasjonsteam

Gjeld frå hausten 2026

Etter evaluering av ordninga våren 2026 vert det gjort endringar i korleis ressursteam og rettleiings- og konsultasjonsteam skal nyttast i Lærdal kommune.

Målet er at barn, unge og familiar skal få rett hjelp til rett tid, og at saker vert løyste på lågast mogleg nivå.

Ressursteam – fyrste møtepunkt

Frå hausten 2026 vert det ressursteam ved:

  • Lærdalsøyri skule – kvar veke (torsdagar)
  • Lærdalsøyri barnehage – 2 gonger per månad (tysdagar)
  • Oppvekst Borgund – 1 gong per månad (siste måndag i månaden)

Kva er ressursteam?

Ressursteam er eit lågterskel, tverrfagleg rettleiingstilbod for barnehagar og skular.

Her kan ein ta opp både små og store undringar eller bekymringar kring eit barn eller ein ungdom. Målet er å finne gode løysingar tidleg og koordinere hjelpa rundt barnet og familien.

Faste deltakarar

  • Skule-/barnehageleiing
  • PPT
  • Helsestasjon/skulehelsetenesta
  • Psykisk helseteneste for barn og unge

Ved Lærdalsøyri skule deltek også andre, til dømes:

  • sosiallærar
  • spesialpedagogisk koordinator
  • andre aktuelle fagpersonar

Kontaktlærar eller pedagogisk leiar møter i teamet og legg fram saka etter samtykke frå foreldre/føresette.

Ved behov kan andre tenester koplast på.

Før ressursteamet

Den som tek opp saka skal:

  • beskrive eiga undring eller bekymring
  • beskrive foreldre/føresette si undring eller bekymring
  • innhente samtykke frå foreldre/føresette

Etter ressursteamet

Den som eig saka skal:

  • informere foreldre/føresette om det som vart drøfta
  • følgje opp dei tiltaka som vart avtala saman med barnet og familien
  • koordinere vidare oppfølging ved behov
  • opprette stafettlogg der det er naudsynt

Rettleiings- og konsultasjonsteam

Rettleiings- og konsultasjonsteamet vert vidareført, men får ei ny rolle.

Frå hausten 2026

  • 3 møte per halvår
  • BUP deltek 4 gonger i året

Kven deltek?

Teamet består av representantar frå:

  • PPT
  • kommunepsykolog
  • barneverntenesta
  • psykisk helseteneste for barn og unge
  • helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • BUP

Når skal saker meldast hit?

For barnehage og skule

Alle saker skal fyrst behandlast i ressursteam.

Dersom ein ikkje kjem vidare eller treng breiare tverrfagleg rettleiing, kan saka meldast vidare til rettleiings- og konsultasjonsteamet.

Samtykke frå foreldre/føresette er framleis naudsynt.

Det bør etablerast gode rutinar i ressursteama for når saker skal lyftast vidare.

For vaksentenester

Tenester som arbeider med vaksne som er foreldre/føresette kan framleis melde behov for rettleiing direkte til rettleiings- og konsultasjonsteamet.

Saker til rettleiings- og konsultasjonsteamet kan meldast til: Silje.langehaug@laerdal.kommune.no

Rettleiinga vert digital. Dersom foreldre/føresette er med vert det fysisk møte.

Kort oppsummert

✅ Ressursteam

  • Første møtepunkt for alle saker som gjeld barn i barnehage og skule.
  • Låg terskel for å ta opp undringar og bekymringar.
  • Målet er tidleg innsats og lokal tverrfagleg rettleiing og oppfølging.

✅ Rettleiings- og konsultasjonsteam

  • Nyttast når saka ikkje kjem vidare gjennom ressursteam.
  • Gir tverrfagleg rettleiing i meir komplekse saker.
  • Vaksentenester kan framleis melde saker direkte.
  • Rettleiinga er på teams. Når foreldre/føresette er med vert den fysisk.

Målet med endringa er å styrkje tidleg innsats, sikre god samhandling mellom tenestene og gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid.