Ei ansvarsgruppe er ei tverrfagleg samansett gruppe som jobbar saman for å hjelpe barnet best mogleg. Hensikta med ei ansvarsgruppe er å koordinere oppfølginga rundt barnet.
Familien sjølv kan oppnemne koordinator for ansvarsgruppa, ofte er det den som kjenner barnet og familien best som får denne rolla. Aktuelle deltakarar i ei slik gruppe er: Føresette og evt. barnet sjølv, helsesjukepleiar, barnehage-/skuletilsette, ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, barnevertenesta osv. Det er ofte barn med langvarige behov for koordinerte tenester som får ei ansvarsgruppe.
Ofte har også barnet ein individuell plan.
Individuell plan
Ein individuell plan beskriv korleis tenestene skal samarbeide slik at du får heilskapleg oppfølging. Planen skal utarbeidast i samarbeid med deg og teneteyterane og oppdaterast fortløpande. Planen skal baserast på dine behov og det som er viktig for deg.