“Alle med” er eit observasjonsverktøy som skal gje eit heilskapeleg bilete av barnet og kva det meistrar. Observasjonsverktøyet vert brukt i Borgund barnehage. Les meir om “Alle med” på statped sine heimesider
Babysong
På babysong skal me synge songar, bruke sansane og leike med reglar. Nokon frå då me sjølve var små, og andre frå nyare tid. Song og leik, kos og nærleik er stikkord for babysongen. Me syng med dei stemmane me er utrusta med. For ditt born er det nemleg berre den stemma som gjeld. For …
Barnehageplass etter initiativ i frå barneverntenesta
Etter barnevernslova § 3-4 kan barnevernet gje pålegg og hjelpetiltak som feks. opphald i barnehage eller SFO. Etter barnehagelova § 18 og barnehagevedtektene for Lærdal kommune har dei som mottek eit slikt hjelpetiltak rett på prioritert opptak.
Barnekoordinator
Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsevne, og som kjem til å ha behov for langvarig og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett på barnekoordinator etter pasient- og brukarrettigheitslova § 5-1. Retten gjeld fram til barnet er 18 år. Kommuna har plikt til å oppnevne barnekoordinator etter …
Barselgruppe
Alle som har fått barn i Lærdal kommune inviterast til å vere med i barselgruppe i regi av helsestasjonen. På grunn av få fødslar i året er er det ei barselgruppe som går heile året. Barselgruppa treffast på helsestasjonen ei gong i veka. Nokre av gongene er det temadagar der til dømes kommunepsykolog, fysioterapeut eller …
BUA – utlånssentral
BUA er ein utlånssentral der alle innbyggjarar i alle aldrar kan låne sport- og friluftsutstyr gratis. Bua er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Det står meir om BUA tilbodet i kommunen på Lærdal kommune sine heimesider
Foreldresamtalar i barnehagen
Det vert gjennomført foreldresamtalar to gonger i året med pedagogisk leiar og dei føresette. Ein kan få foreldresamtalar oftare ved behov der det er naudsynt med hyppigare oppfølging. Her finn du kontaktinformasjon til Lærdalsøyri barnehage og Oppvekst Borgund
I trygge hender – film om vald i nære relasjonar
I trygge hender er ein informasjonsfilm som vert vist til alle foreldre/føresette som har fått barn. Filmen vert vist av helsesjukepleiar ved 4 vekers alder og det vert sett av tid til samtale med dei føresette om innhaldet i filmen. Hensikta med å vise filmen er å førebyggje, avdekke og avverje vald mot barn og …
ICDP (International Child Development Program)
ICDP er eit rettleiingstiltak for føresette som er meint til å vere enkelt, helsefremmande og førebyggjande med mål om å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot dei føresette og skal styrek deira omsorgskompetanse. Tiltaket vert gjeve som guppetilbod til minorietsfamiliar i Lærdal kommune som ein del av introduksjonsprogrammet. Lærdal …
Individuell oppfølging av fysioterapeut
Fysioterapitenesta føl opp barn og unge som har behov for deira tenester i korte eller lengre periodar. Det jobbast for at fysioterapitenesta skal vere meir systematisk inne på barn og unges arena gjennom samarbeid med helsestasjons- og skulehelsetenesta samt at Frisklivssentralen kan nyttast meir inn mot barn og unge. Alle born får tilbod om individuell …
Individuell plan
Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeida ein idividuell plan. Det er tilsett ein koordinator i kommunen som har ansvaret for å vere koordinator for planane, samt å ta i mot henvendingar om nye planar. Koordinatoren er knytt til eining for Bu og miljø. Føremålet …
Individuell plan og ansvarsgruppe
Ei ansvarsgruppe er ei tverrfagleg samansett gruppe som jobbar saman for å hjelpe barnet best mogleg. Hensikta med ei ansvarsgruppe er å koordinere oppfølginga rundt barnet. Familien sjølv kan oppnemne koordinator for ansvarsgruppa, ofte er det den som kjenner barnet og familien best som får denne rolla. Aktuelle deltakarar i ei slik gruppe er: Føresette …
Psykisk helseteneste for barn og unge
Lærdal kommune har fått tilskotsmidlar og er i gang med å utarbeide ei psykisk helseteneste for barn og unge. Tenesten skal utviklast i samsvar med rettleiiaren “Psykisk helsearbeid barn og unge”. Det er kommunepsykolog Stefan Volden som leiar arbeidet med å etablere dette tilbodet.
Rettleiings- og konsultasjonsteam
Rettleiings- og konsultasjonsteam Rettleiings- og konsultasjonsteam er eit tverrfagleg samansett team der ein kan få rettleiing i korleis ein kan hjelpe eit barn eller familien videre Som ein del av kommunen si satsing på tidleg innsats og betre tverrfagleg samarbeid (BTI) er det oppretta eit rettleiings- og konsultasjonsteam for tilsette i barnehage, skule og andre …
Tryggleikssirkelen
Circle of security Parenting (COS-P) COS-P er eit rettleiingsprogram for foreldre eller andre omsorgspersonar. Rettleiingprogramet kan nyttast både til einskildindivid og til grupper. Pr. no er det berre barneverntenesta som tilbyr dette programmet i Lærdal kommune, men kommunen er i gang med å planlegge for å styrke tilbodet om foreldrerettleiing i kommunen og gjere det …