I trygge hender – film om vald i nære relasjonar

I trygge hender er ein informasjonsfilm som vert vist til alle foreldre/føresette som har fått barn.

Filmen vert vist av helsesjukepleiar ved 4 vekers alder og det vert sett av tid til samtale med dei føresette om innhaldet i filmen. Hensikta med å vise filmen er å førebyggje, avdekke og avverje vald mot barn og mellom barnets omsorgspersonar.

Informasjon om dei ulike konsultasjonane i helsestasjonsprogrammet finn du på Lærdal kommune sine heimesider eller på Helsenorge sine nettsider