Tiltak på universelt nivå

Universelle tiltak er tiltak som er tilgjengelege for heile brukargruppa.

Barselgruppe

Alle som har fått barn i Lærdal kommune inviterast til å vere med i barselgruppe i regi av helsestasjonen. På grunn av få fødslar i året er er det ei barselgruppe som går heile året. Barselgruppa treffast på helsestasjonen ei gong i veka. Nokre av gongene er det temadagar der til dømes kommunepsykolog, fysioterapeut eller …

Bruk av “Hjerteprogrammet” i barnehagane

“Hjerteprogrammet” er eit konkret og praktisk opplegg om sosial kompetanse som vert nytta i barnehagane. Eit mål med programmet er at barna skal finne ut kven EG er, kven DU er og kva som er VÅR plass i fellesskapet. Viktige verdiar ungane lærar om gjennom hjerteprogrammet er: vennskap mine kjensler mine hjerteskatter hjarte for andre …

BUA – utlånssentral

BUA er ein utlånssentral der alle innbyggjarar i alle aldrar kan låne sport- og friluftsutstyr gratis.  Bua er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Det står meir om BUA tilbodet i kommunen på Lærdal kommune sine heimesider    

Delbart? Tiltak i grunnskulen

Undervisningsopplegg om nettvett av Politiet Barn og unge nyttar mobiltelefonar og appar som legg til rette for å ta og dele bilete og videoar. Mange seksualiserte bilete og videoar kjem på avvege. Delbart? er eit undervisningsopplegg som gjennomførast i mellomtrinnet og i ungdomsskulen. Helsesjukepleiar er også med på dette opplegget i samarbeid med politiet.  

Foreldrenettverk

Eit foreldrenettverk vil si at foreldre i ei klasse vert kjent med kvarandre og lagar eit formelt eller uformelt nettverk Foreldre/føresette er ungane sine viktigaste støttespillarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre/føresette skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å dele erfaringar med nokon som har barn …

Foreldresamtalar i barnehagen

Det vert gjennomført foreldresamtalar to gonger i året med pedagogisk leiar og dei føresette. Ein kan få foreldresamtalar oftare ved behov der det er naudsynt med hyppigare oppfølging.  Her finn du kontaktinformasjon til Lærdalsøyri barnehage og Oppvekst Borgund    

I trygge hender – film om vald i nære relasjonar

I trygge hender er ein informasjonsfilm som vert vist til alle foreldre/føresette som har fått barn. Filmen vert vist av helsesjukepleiar ved 4 vekers alder og det vert sett av tid til samtale med dei føresette om innhaldet i filmen. Hensikta med å vise filmen er å førebyggje, avdekke og avverje vald mot barn og …

ICDP (International Child Development Program)

ICDP er eit rettleiingstiltak for føresette som er meint til å vere enkelt, helsefremmande og førebyggjande med mål om å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot dei føresette og skal styrek deira omsorgskompetanse. Tiltaket vert gjeve som guppetilbod til minorietsfamiliar i Lærdal kommune som ein del av introduksjonsprogrammet. Lærdal …

Individuell oppfølging av fysioterapeut

Fysioterapitenesta føl opp barn og unge som har behov for deira tenester i korte eller lengre periodar. Det jobbast for at fysioterapitenesta skal vere meir systematisk inne på barn og unges arena gjennom samarbeid med helsestasjons- og skulehelsetenesta samt at Frisklivssentralen kan nyttast meir inn mot barn og unge. Alle born får tilbod om individuell …

Jeg vet- læringsressurs

Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal få jamleg opplæring og trening i bruk av ressursen “Jeg vet” “Jeg vet” er ein gratis læringsressurs  for barnehagar og skuler om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Ressursen er eit hjelpemiddel for dei tilsette til å snakke med barn og unge om desse tema.  

MIO observasjonsskjema i barnehagen

MIO observasjonsskjema vert brukt i Borgund barnehage. Personalet i barnehagen har et særskilt ansvar når det gjeld å vekke og ta i vare barnets matematikk slik at den videreutviklast. Utgangspunktet for å støtte barnets matematiske utvikling må vere barnets eigne interesser og på barnets premissar. MIO er bygd opp av initialane i Matematikken, Individet og …

MOT programmet

Lærdalsøyri skule er i gang med å ta i bruk MOT programmet i ungdomsskulen. Det er sosiallærar Henriette Klingenberg som er skulen sin MOT kontakt.

Observasjon av språk i barnehagane: TRAS

TRAS er eit observasjonsverktøy  som vert nytta i barnehagane til å observere barnets språkutvikling. Det er eit viktig verktøy når det gjeld tidleg innsats og for å gje barnet rett oppfølging til rett tid.  

Snakke med barn – snakkesimulator

Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal jamleg øve seg på å snakke med barn om vald, seksuelle overgrep og andre sensitive tema ved å nytte nettsida snakkemedbarn.no. “Snakkemedbarn” er ein snakkesimulator og er tilgjengeleg for alle.

Trygg til handling – nettressurs

Alle som jobbar med barn og unge i Lærdal kommune skal jamleg nytte nettressursen “Trygg til handling” for å bli trygge på å snakke med barn og unge om vald og seksuelle overgrep. Ressursen skal nyttast i lag med ressursane “snakke med barn” og “jeg vet”. “Trygg til Handling” skal gi meir kunnskap om kva …

Tryggleikssirkelen

Circle of security Parenting (COS-P) COS-P er eit rettleiingsprogram  for foreldre eller andre omsorgspersonar. Rettleiingprogramet kan nyttast både til einskildindivid og til grupper. Pr. no er det berre barneverntenesta som tilbyr dette programmet i Lærdal kommune, men kommunen er i gang med å planlegge for å styrke tilbodet om foreldrerettleiing i kommunen og gjere det …

Utviklingssamtaler i grunnskulen

Faste samtaler haust og vår med elev og føresette og ellers ved behov. Her finn du kontaktinformasjon til Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Oppvekst Borgund