Tiltak på selektivt nivå

Selektive forebyggingstiltak rettes mot grupper som levere med kjent og forhøyet risiko.

BUA – utlånssentral

BUA er ein utlånssentral der alle innbyggjarar i alle aldrar kan låne sport- og friluftsutstyr gratis.  Bua er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Det står meir om BUA tilbodet i kommunen på BUA sine heimesider    

Foreldresamtalar i barnehagen

Det vert gjennomført foreldresamtalar to gonger i året med pedagogisk leiar og dei føresette. Ein kan få foreldresamtalar oftare ved behov der det er naudsynt med hyppigare oppfølging.  Her finn du kontaktinformasjon til Lærdalsøyri barnehage og Oppvekst Borgund    

Fritidskasse – så alle barn får vera med!

Kanskje du kjenner nokon som kunne trengt litt ekstra hjelp til å delta på idrett, musikk eller andre kjekke ting? Fritidskassa er ein pott med pengar som kommunane får for å støtta born og unge som treng litt ekstra hjelp for å vera med på fritidsaktivitetar. Det kan vera alt frå å dekkja medlemskontingent til …

Individuell oppfølging av fysioterapeut

Fysioterapitenesta føl opp barn og unge som har behov for deira tenester i korte eller lengre periodar. Det jobbast for at fysioterapitenesta skal vere meir systematisk inne på barn og unges arena gjennom samarbeid med helsestasjons- og skulehelsetenesta samt at Frisklivssentralen kan nyttast meir inn mot barn og unge. Alle born får tilbod om individuell …

Individuell plan og ansvarsgruppe

Ei ansvarsgruppe er ei tverrfagleg samansett gruppe som jobbar saman for å hjelpe barnet best mogleg. Hensikta med ei ansvarsgruppe er å koordinere oppfølginga rundt barnet. Familien sjølv kan oppnemne koordinator for ansvarsgruppa, ofte er det den som kjenner barnet og familien best som får denne rolla. Aktuelle deltakarar i ei slik gruppe er: Føresette …

Jeg vet- læringsressurs

Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal få jamleg opplæring og trening i bruk av ressursen “Jeg vet” “Jeg vet” er ein gratis læringsressurs  for barnehagar og skuler om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Ressursen er eit hjelpemiddel for dei tilsette til å snakke med barn og unge om desse tema.  

MIO observasjonsskjema i barnehagen

MIO observasjonsskjema vert brukt i Borgund barnehage. Personalet i barnehagen har et særskilt ansvar når det gjeld å vekke og ta i vare barnets matematikk slik at den videreutviklast. Utgangspunktet for å støtte barnets matematiske utvikling må vere barnets eigne interesser og på barnets premissar. MIO er bygd opp av initialane i Matematikken, Individet og …

Observasjon av språk i barnehagane: TRAS

TRAS er eit observasjonsverktøy  som vert nytta i barnehagane til å observere barnets språkutvikling. Det er eit viktig verktøy når det gjeld tidleg innsats og for å gje barnet rett oppfølging til rett tid.  

Ressursteam i skule og barnehage

Ressursteam – fyrste møtepunkt Frå hausten 2026 vert det ressursteam ved: Lærdalsøyri skule – kvar veke Lærdalsøyri barnehage – 2 gonger per månad Oppvekst Borgund – 1 gong per månad Kva er ressursteam? Ressursteam er eit lågterskel, tverrfagleg rettleiingstilbod for barnehagar og skular. Her kan ein ta opp både små og store undringar eller bekymringar …

Rettleiings- og konsultasjonsteam

Datoar for rettleiings- og konsultasjonsteam hausten 2026 21. september frå 14.00 – 15.30 (BUP er med) 7. desember frå 14.00 – 15.30 Det tredje møtepunktet for hausten 2026 utgår pga. eit tverrfagleg dialog-/samhandlingsmøte mellom alle instansane som er med i teamet. Alle sakar frå barnehagane og skulane skal fyrst opp i ressursteam. Sjå tekst under.  …

Snakke med barn – snakkesimulator

Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal jamleg øve seg på å snakke med barn om vald, seksuelle overgrep og andre sensitive tema ved å nytte nettsida snakkemedbarn.no. “Snakkemedbarn” er ein snakkesimulator og er tilgjengeleg for alle.

Støttekontakt

Støttekontakt er ei teneste som tilbys i alle kommuner. Tenesta er for barn, ungdom, vaksne og eldre som treng støtte eller hjelp til å delta på kultur- eller fritidsaktivitetar. Støttekontakta si oppgåve er å hjelpe ein annan person til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Støttekontakta kan for eksempel komme på besøk heime, bli …

Trygg til handling – nettressurs

Alle som jobbar med barn og unge i Lærdal kommune skal jamleg nytte nettressursen “Trygg til handling” for å bli trygge på å snakke med barn og unge om vald og seksuelle overgrep. Ressursen skal nyttast i lag med ressursane “snakke med barn” og “jeg vet”. “Trygg til Handling” skal gi meir kunnskap om kva …

Tryggleikssirkelen

Circle of security Parenting (COS-P) COS-P er eit rettleiingsprogram  for foreldre eller andre omsorgspersonar. Rettleiingprogramet kan nyttast både til einskildindivid og til grupper. Pr. no er det berre barneverntenesta som tilbyr dette programmet i Lærdal kommune, men kommunen er i gang med å planlegge for å styrke tilbodet om foreldrerettleiing i kommunen og gjere det …