Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsevne, og som kjem til å ha behov for langvarig og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett på barnekoordinator etter pasient- og brukarrettigheitslova § 5-1. Retten gjeld fram til barnet er 18 år. Kommuna har plikt til å oppnevne barnekoordinator etter …
BUA – utlånssentral
BUA er ein utlånssentral der alle innbyggjarar i alle aldrar kan låne sport- og friluftsutstyr gratis. Bua er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Det står meir om BUA tilbodet i kommunen på BUA sine heimesider
Foreldrenettverk
Eit foreldrenettverk vil si at foreldre i ei klasse vert kjent med kvarandre og lagar eit formelt eller uformelt nettverk Foreldre/føresette er ungane sine viktigaste støttespillarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre/føresette skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å dele erfaringar med nokon som har barn …
Fritidskasse – så alle barn får vera med!
Kanskje du kjenner nokon som kunne trengt litt ekstra hjelp til å delta på idrett, musikk eller andre kjekke ting? Fritidskassa er ein pott med pengar som kommunane får for å støtta born og unge som treng litt ekstra hjelp for å vera med på fritidsaktivitetar. Det kan vera alt frå å dekkja medlemskontingent til …
Individuell oppfølging av fysioterapeut
Fysioterapitenesta føl opp barn og unge som har behov for deira tenester i korte eller lengre periodar. Det jobbast for at fysioterapitenesta skal vere meir systematisk inne på barn og unges arena gjennom samarbeid med helsestasjons- og skulehelsetenesta samt at Frisklivssentralen kan nyttast meir inn mot barn og unge. Alle born får tilbod om individuell …
Individuell plan
Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeida ein idividuell plan. Det er tilsett ein koordinator i kommunen som har ansvaret for å vere koordinator for planane, samt å ta i mot henvendingar om nye planar. Koordinatoren er knytt til eining for Bu og miljø. Føremålet …
Individuell plan og ansvarsgruppe
Ei ansvarsgruppe er ei tverrfagleg samansett gruppe som jobbar saman for å hjelpe barnet best mogleg. Hensikta med ei ansvarsgruppe er å koordinere oppfølginga rundt barnet. Familien sjølv kan oppnemne koordinator for ansvarsgruppa, ofte er det den som kjenner barnet og familien best som får denne rolla. Aktuelle deltakarar i ei slik gruppe er: Føresette …
Jeg vet- læringsressurs
Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal få jamleg opplæring og trening i bruk av ressursen “Jeg vet” “Jeg vet” er ein gratis læringsressurs for barnehagar og skuler om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Ressursen er eit hjelpemiddel for dei tilsette til å snakke med barn og unge om desse tema.
MOT programmet
Lærdalsøyri skule er i gang med å ta i bruk MOT programmet i ungdomsskulen. Det er sosiallærar Henriette Klingenberg som er skulen sin MOT kontakt.
Psykisk helseteneste for barn og unge
Her kan du lese meir om tiltaket Psykisk helseteneste for barn og unge
Ressursteam i skule og barnehage
Ressursteam – fyrste møtepunkt Frå hausten 2026 vert det ressursteam ved: Lærdalsøyri skule – kvar veke Lærdalsøyri barnehage – 2 gonger per månad Oppvekst Borgund – 1 gong per månad Kva er ressursteam? Ressursteam er eit lågterskel, tverrfagleg rettleiingstilbod for barnehagar og skular. Her kan ein ta opp både små og store undringar eller bekymringar …
Rettleiings- og konsultasjonsteam
Datoar for rettleiings- og konsultasjonsteam hausten 2026 21. september frå 14.00 – 15.30 (BUP er med) 7. desember frå 14.00 – 15.30 Det tredje møtepunktet for hausten 2026 utgår pga. eit tverrfagleg dialog-/samhandlingsmøte mellom alle instansane som er med i teamet. Alle sakar frå barnehagane og skulane skal fyrst opp i ressursteam. Sjå tekst under. …
Snakke med barn – snakkesimulator
Alle tilsette i helsestasjonen, skulehelsetenesta, barnehagane og skulane skal jamleg øve seg på å snakke med barn om vald, seksuelle overgrep og andre sensitive tema ved å nytte nettsida snakkemedbarn.no. “Snakkemedbarn” er ein snakkesimulator og er tilgjengeleg for alle.
Sosiallærar ved Lærdalsøyri skule
Lærdalsøyri skule har to sosiallærarar, begge i 100 % stilling.
Støttekontakt
Støttekontakt er ei teneste som tilbys i alle kommuner. Tenesta er for barn, ungdom, vaksne og eldre som treng støtte eller hjelp til å delta på kultur- eller fritidsaktivitetar. Støttekontakta si oppgåve er å hjelpe ein annan person til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Støttekontakta kan for eksempel komme på besøk heime, bli …
Trygg til handling – nettressurs
Alle som jobbar med barn og unge i Lærdal kommune skal jamleg nytte nettressursen “Trygg til handling” for å bli trygge på å snakke med barn og unge om vald og seksuelle overgrep. Ressursen skal nyttast i lag med ressursane “snakke med barn” og “jeg vet”. “Trygg til Handling” skal gi meir kunnskap om kva …
Utviklingssamtaler i grunnskulen
Faste samtaler haust og vår med elev og føresette og ellers ved behov. Her finn du kontaktinformasjon til Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Oppvekst Borgund