Circle of security Parenting (COS-P)
COS-P er eit rettleiingsprogram for foreldre eller andre omsorgspersonar. Rettleiingprogramet kan nyttast både til einskildindivid og til grupper. Pr. no er det berre barneverntenesta som tilbyr dette programmet i Lærdal kommune, men kommunen er i gang med å planlegge for å styrke tilbodet om foreldrerettleiing i kommunen og gjere det meir til eit lågterskeltilbod.
Eit mål med kurset er å gje foreldre/føresette verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva slags singal dei gjev og kva dei kan gjere for å møte desse behova betre.
Tema i kurset er:
- Tryggleikssirkelen
- Å vere saman i tryggleikssirkelen. Barn utviklar seg i samspel med foreldre/føresette.
- Vegen til tryggleik. Den vaksnes tilgengelegheit påverkar barnets måte å formidle kjensler og behov.
- Vanskelege situasjonar – balansen mellom å vere tydeleg og samstundes ein god forelder
- Foreldrenes eigne erfaringar. Nokre gonger har vaksne erfaring frå eige fortid som gjer at reaksjonar i “notid” vert større enn naudsynt. Korleis kan ein best mogleg handtere dette?
COS i barnehage og skule
Nokre tilsette i barnehage og skule har fått opplæring i COS. Dei skal ikkje bruke tryggleikssirkenen til foreldrerettleiing, men systematisk i eiget arbeid. Dei kan også lære opp sine kollegaer slik at alle tilsette i barnehage og skule kjenner til prinsippa i tryggleikssirkelen.