Handlingsrettleiar
Kva:
- Spør den vaksne om hen har barn under 18 år.
- Spør om barnet har mindreårige søsken
- Spør kva ansvar brukaren har for barnet
- Foreldreansvar
- Dagleg omsorg
- Samværsrett
- Spør etter barnets namn, fødselsdato, bustad, språk og evt. butid i Noreg
Viss brukaren/pasienten har born under 18 år, gå vidare til neste trinn.
Omgrepsavklaring:
Denne retteleiaren omfattar alle som har omsorg for eller bur i saman med mindreårige barn. Det vil seia at bonusforeldre, adoptivforeldre, fosterforeldre osv. også må inkluderast når ein skal følgja opp barn som er pårørande.
Kven:
Alle som gjennom sitt arbeid følgjer opp vaksne brukarar/pasientar som har barn har ansvar for dette
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Når brukaren har mindreårige barn skal du snakka med brukaren om omsorgssituasjonen til barnet eller ungdommen og avklara denne.
For å avklara omsorgssituasjonen må ein kartlegga om:
- Er foreldra i stand til å hjelpa barnet med problem og belastningar?
- Får barnet nok kjenslemessig støtte, oppfølging og tryggleik ut i frå sin alder og utvikling og den aktuelle situasjonen med sjukdom hjå forelderen?
- Korleis er dagleglivet for barnet organisert og vareteke med omsyn til struktur og rutinar?
- Ved sjukdom, funksjonsnedsettingar eller spesielle behov hjå barnet eller ungdommen, kva er eksisterande hjelpetiltak eller kontakt med hjelpeinstansar?
- Tek dei vaksne ansvar for det praktiske i heimen?
- Tek barnet evt. omsorgsoppgåver for den sjuke vaksne?
- Har barnet roller eller ansvar i heimen eller ovanfor den sjuke som burde vore utført av vaksne?
Kven:
Alle som har vaksne brukarar/pasientar med barn, har ansvar for å gjera denne kartlegginga
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Når den vaksne brukaren eller pasienten sin tilstand tilseier at barn kan bli usikre, sårbare eller oppleve bekymring, SKAL du undersøka nærare om barnets faktiske behov.
Aktuelle tema:
- Kva har barnet sett og erfart når det gjeld sjukdom hjå forelderen?
- Kor mykje veit og forstår barnet om det som skjer?
- Korleis fungerer barnet i barnehage/skule
- Er barnet mykje trist, sint, bekymra, engsteleg, uroleg?
- Har barnet overskot og moglegheit til å vera med vener?
- Er barnet uvanleg hjelpsom og flink og held eigne behov tilbake?
- Er dei føresette bekymra for barnet?
- Har barnet dagleg støtte i nærmiljøet?
- Er det behov for vidare oppfølging utover det dei føresette kan klare?
Kven:
Alle som har vaksne brukarar/pasientar som har mindreårige barn.
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Barn som pårørande kan ha behov for følgjande informasjon om forelderen:
- Balansert og aldersadekvat informasjon om tilstanden til den som er sjuk
- Forklaring av symtom og av evt. symptomar, diagnose og prognose
- Årsakar til sjukdommen eller tilstanden
- Kva slags behandling som blir gitt og varigheit av behandlingar
- Korleis den føresette vert vareteken
- Konsekvensar av tilstanden for den føresette, barnet og familien
- Moglegheiter for evt. besøk og korleis dette kan gå føre seg
Barn som pårørande kan ha behov for følgande informasjon om sin eigen situasjon:
- Kven skal vareta barnet framover
- Normale reaksjonar hjå barn når vaksne er sjuke
- At barnet ikkje har ansvar for å hjelpa den vaksne med å bli frisk
- At barnet har lov til å ha det bra og fortsetta med aktivitetar dei likar, sjølv når den vaksne har det vanskeleg.
- Kven veit om familiens situasjon og kven kan barnet snakka med
Kven:
Alle som har brukarar/pasientar som har mindreårige barn
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva:
Informasjon og oppfølging av barn som pårørande
- Informer brukaren/pasienten
- Informer om at barn som har sjuke foreldre/føresette, kan ha behov for informasjon, støtte og nokon å snakke med om situasjonen.
- Forklar at barn kan vere meir bekymra enn dei gir uttrykk for når dei ikkje får tilstrekkeleg informasjon.
- Avklar behov for oppfølging
- Avklar saman med brukaren/pasienten kva barnet har behov for av informasjon og oppfølging.
- Avklar om brukaren/pasienten sjølv ønskjer å ta kontakt med helsesjukepleiar eller andre aktuelle personar rundt barnet, eller om helsepersonellet skal bidra til å opprette kontakt.
- Avklar kva som skal formidlast
- Forsikre brukaren/pasienten om at han/ho skal ha eigarskap til kva som blir fortalt til barnet og andre om situasjonen.
- Samstundes skal barnet få den informasjonen det har behov for, tilpassa alder og utvikling, slik at barnet kan forstå situasjonen og unngå unødvendige bekymringar.
- Innhent samtykke
- Gå gjennom aktuelt samtykkeskjema med brukaren/pasienten.
- Innhent nødvendig samtykke før aktuell hjelpeinstans blir kontakta, i tråd med gjeldande reglar for samtykke og informasjonsdeling.
- Dersom brukaren/pasienten ikkje samtykkjer
- Dersom brukaren/pasienten ikkje ønskjer at barnet skal få nødvendig informasjon eller oppfølging, skal helsepersonellet utforske årsaka til dette og informere om kvifor barnet kan ha behov for informasjon og støtte.
- Vurder om manglande informasjon eller oppfølging kan føre til at barnet ikkje blir tilstrekkeleg ivareteke.
- Dersom bekymringa for barnet er alvorleg, skal situasjonen drøftast med barneverntenesta. Ved behov skal det sendast bekymringsmelding.
Kven
Alle som følgjer opp brukarar/pasientar som har ei foreldrerolle.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva
Helsesjukepleiar må leggja til rette for at barnet får seia sin meining om aktuelle tiltak ut i frå eigne behov og ønskjer i tråd med alder og modenheit. Gå til nivå 1 i handlingsrettleiaren «frå bekymring til handling.»
Kven
Helsesjukepleiar eller andre tenester som følgjer opp barnet. Til dømes fastlegen.
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Ved mistanke om vald eller overgrep ta direkte kontakt med politi og barneverntenesta