Handlingsrettleiar
Kva er ei uro eller ei bekymring?
Uro eller bekymring kan oppstå gjennom observasjonar eller utsegn frå barnet sjølv, føresette eller andre.
Det kan for eksempel handla om: fysisk eller psykisk helse, trivsel, samspel, livssituasjon, rus, mobbing, konsentrasjonsvanskar, psykososiale forhold eller heimesituasjon.
Nokre gonger kan signala vera vage og diffuse eller vanskelege å tyda og du kan bli usikker på om du bør vera bekymra eller ikkje.
Gjeld bekymringa vald eller overgrep må leiar informerast med det same og barnevernstenesta og/eller politi kontaktast beinveges.
Gjeld saka barnehage- eller skulemiljø: Trur du allereie no at bekymringa di kan vera knytt til barnets/elevens fysiske og psykiske barnehage- eller skulemiljø?
Frå 01.08.24 vart ny Opplæringslov gjeldande. Her er det spesielt kapittel 12 som seier noko om skulemiljøet til elevane. Det jobbast med å utarbeide ei ny lokal rutine etter den nye lova.
Konkretiser uroa/bekymringa
Set ord på bekymringa di: Prøv å setja ord på bekymringa eller uroa du kjenner før du tek saka videre. Når signala er vage kan dette vera vanskeleg. I menyen til høgre finn du fleire verktøy som kan vera til hjelp når du skal sirkla inn og definera bekymringa di.
Er du framleis usikker på korleis du skal gå fram eller treng vidare hjelp så kan du ta kontakt med Rettleiings- og konsultasjonsteam i kommunen.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Del bekymringa di med nærmaste leiar ved første anledning. Dersom de avgjer at saka skal takast vidare, avgjer kven som skal kopla på føresette og barnet/ungdommen.
Ansvar:
Den som eig bekymringa.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Inviter til møte med føresette og barnet/ungdommen og konkretiser bekymringa du har fått gjennom observasjon eller samtalar.
Korleis gjer du det?
Ver open og reflekter saman med føresette og barnet/ungdommen. Avklar om du har oppfatta signal og opplysningar på rett måte.
Gjennomfør den “naudsynte samtalen” med foreldre/føresette og barnet. Bruk samtalemal til høgre i bildet.
Usikre på vegen vidare? Få samtykke til å drøfta saka i Rettleiings- og konsultasjonsteamet. Saka kan også drøftast anonymt, utan samtykke. Er det grunn til vidare oppfølging, gå videre i handlingsrettleiaren.
Ansvar:
Den som eig bekymringa saman med nærmaste leiar.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
I den nødvendige samtalen må du avklara saman med føresette og barnet om det er behov for vidare oppfølging.
Korleis gjer du det?
Viss behov for tiltak i eigen eining: gå vidare til nivå 1 i handlingsrettleiaren.
Behov for å kopla på andre tenester: gå til nivå 2 i handlingrettleiaren.
Få samtykke til samarbeid med andre og gje informasjon om stafettlogg. Sjå menyen til høgre.
Ikkje behov for oppfølging: lukk saka og takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette og barnet om at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det oppstår utfordringar på eit seinare tidspunkt.
Bruk mal for møtereferat og dokumenter kva som er gjort og skal gjerast vidare.
Ansvar
Den som følgjer opp saka, saman med leiar.
Dokumentasjon:
All dokumentasjon på Nivå 0 skal skje i eige fagsystem. Dersom det er behov for vidare oppfølging på Nivå 1 og oppover skal stafettlogg nyttast i samhandlinga mellom dei ulike tenestene og heimen. Det er stafetthaldar sitt ansvar å koordinere oppfølginga kring barnet, men alle involverte partar sitt ansvar å bruka stafettloggen aktivt.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Inviter til møte med føresette og barnet der målet er å oppretta digital stafettlogg. Opprett stafettlogg her (Dette er noko me jobbar med å få på plass)
Korleis gjer du det?
Gå igjennom skjemaet “informasjon om stafettlogg” (dette skjemaet kjem på plass når med byrjar å bruke stafettlogg) saman med føresette og evt. barnet. Stafettlogg sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i samarbeidet med familien.
Barnet og føresette skal alltid bli høyrde og teke med i vurderingar som gjeld dei!
Behov for å drøfte i rettleiings- og konsultasjonsteamet?: Få samtykke frå føresette til dette eller ta opp saka anonymt med teamet. Her finn de informasjon om rettleiings- og konsultasjonsteamet
Ansvar:
Den som følgjer opp saka og leiar.
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Lag ei felles forståing saman med føresette og barnet om kva behov barnet har. Definer ei felles problemstilling, mål og tiltak, sjå verktøy på høgre side. Dette er viktig for å kunne hjelpe barnet best mogleg. Avtal tidspunkt for oppfølgingsmøte.
Korleis gjer du det?
Før inn problemstillinga, måla og tiltaka i stafettloggen. Tiltak kan både vera tiltak i eiga eining og tiltak i heimen. Tiltak i eiga eining kan f.eks. også innebera samarbeid med PPT eller helsestasjon/skulehelsetenesta som f.eks. PPT i førtilmeldingsfasen. Det er viktig å tydeleggjera kven som har ansvar for å følgje opp kva.
Hugs barnets rett til å medverka i eiga sak!
Ansvar:
Den som følgjer opp saka og leiar.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Sett i verk avtalte tiltak og førebu samarbeidsmøte.
Korleis gjer du det?
Gjennomfør avtalte tiltak. Bruk stafettloggen til dokumentasjon av tiltaka.
Førebu oppfølgingsmøte.
Dersom barnet ikkje skal vera med i møtet: Avklar kven som skal snakka med barnet i forkant av evalueringa for å få hen sin oppleving av endring.
Ansvar:
Den som følgjer opp saka, leiar
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Gjennomfør det planlagde evalueringsmøtet saman med alle involverte partar.
Korleis gjer du det?
Dersom barnet ikkje er med, ha med barnets stemme inn i evalueringa. Samla alle involverte partar. Drøft i kva grad tiltaka har ført til at barnets situasjon har endra seg. Ta med kartleggingar, observasjonar og anna dokumentasjon i evalueringa.
Ansvar:
Alle involverte partar i samarbeid med barnet og føresette.
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Fatt ei avgjerd om vegen vidare.
Korleis gjer du det?
Det er tre moglege utfall av vegen vidare:
- Tiltaka har ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til bekymring. – Avslutt stafettloggen.
- Tiltaka har effekt, men ein er ikkje heilt i mål. – Arbeidet fortset i nivå 1. Dersom det skal iverksettast fleire tiltak i eiga eining, gå til punkt 3 på dette nivået.
- Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. Det er behov for hjelp frå eksterne tenester/einingar. Drøft videre innsats.
- Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. Hugs å henta samtykke frå føresette når det gjeld nye samarbeidspartnarar.
Det er framleis mogleg å drøfta saka i BTI team. Hugs samtykka dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.
Skal barnevernstenesta koplast på, sjå meldeskjema til høgre.
Rektor skal alltid koplast på/informerast der skulen er ein del av eit tverretatleg samarbeid.
Ansvar:
Alle involverte partar i samarbeidet saman med føresette.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva er eit nettverksmøte?
To eller fleire tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsetningar og er kjende med kvarandre sin innsats. Bruk møtemalen de finn i “møtemal for Lærdal kommune”.
Kva gjer du?
Gjennomfør samarbeidsmøte/nettverksmøte med føresette/barnet og tenestene som skal bidra i samarbeidet på nivå 2.
Korleis gjer du det?
Presenter saka. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar videre. Stafetthaldar har ansvar for kontakt med familien, møteleiing, referat og å oppdatera stafettloggen.
Ansvar:
Stafetthaldar i lag med samarbeidpartnarar og familien
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Planlegg aktuelle tiltak og vegen vidare.
Korleis gjer du det?
- Presenter saka for dei involverte partane. Planlegg aktuelle tiltak vidare: Tiltak i eiga eining, tiltak frå samarbeidande einingar/instansar og tiltak i heimen.
- Skriv ned tiltaka i stafettloggen- skriv også ned kven som har ansvar for å gjennomføre kva.
- Avtal tidspunkt for nytt evalueringsmøte
Hugs at barnets meiningar alltid skal lyttast til!
Ansvar:
Stafetthaldar i samarbeid med familien
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til å dokumentera. Førebu evalueringsmøtet.
Korleis gjer du det?
Hugs at barnet har rett til å seia sin meining i alt som vedkjem det og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet i forkant av evalueringa dersom barnet ikkje skal vera med på møtet sjølv.
Ansvar:
Stafetthaldar saman med dei andre samarbeidspartane og familien.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Gjennomfør evalueringsmøte der alle involverte partar er med.
Korleis gjer du det?
Dersom barnet ikkje er med, ha med barnets stemme inn i evalueringa. Samle alle involverte partar. Drøft i kva grad tiltaka har ført til at barnets situasjon har endra seg. Ta med kartleggingar, observasjonar og anna dokumentasjon i evalueringa.
Ansvar:
Stafetthaldar og alle samarbeidande partar i lag med familien.
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.
Korleis gjer du det?
Det er tre moglege utfall av evalueringa:
- Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg. – Avslutt loggen.
- Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram eller de ser at tiltaka ikkje har gitt ønskt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak i dei tenestene som allereie er involverte. Gå då tilbake til steg 2 på dette nivået.
- Tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt. Det er behov for hjelp frå eksterne tenester. Drøft den videre innsatsen.
- Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, lag tilvising til desse, og kall inn til møte på nivå 3.
Dersom det er uklart kva teneste som er mest tenleg å kopla på: Bruk BTI team til å drøfta dette. Hugs samtykke frå føresette.
Dokumenter i stafettloggen.
Hugs å fornye samtykke frå føresette når de skal kople på nye instansar. Stafetthaldar tek ansvar for tilvising.
Hugs også barnets rett til å medverke i eigen sak!
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer de?
Det er no naudsynt med eit breitt samarbeid mellom fleire tenester.
Stafetthaldar presenterer problemstillinga for aktuell instans/teneste saman med føresette/barnet. Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barnet og dei andre involverte tenestene. Planlegg vegen videre og dato for neste samarbeidsmøte.
Korleis gjer de det?
Stafetthaldar er ansvarleg for møteleiing og å oppdatera stafettloggen. Kvar eining må vurdera om stafettloggen er tilstrekkeleg som dokumentasjon eller om det trengst eige referat i deira fagprogram.
Avklar kven som skal vera stafetthaldar videre.
Ansvar:
Stafetthaldar koordinerar samarbeidet saman med føresette/barnet
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer de?
Sett i verk og gjennomfør avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak innan gitte fristar.
Korleis gjer de det?
Bruk stafettloggen til å dokumentera slik at alle involverte partar er oppdaterte på prosessen.
Ansvar:
Alle har ansvar for sine område. Viktig at stafetthaldar er bevisst på sin rolle som koordinator og er tilgjengeleg for familien slik at dei ikkje opplever at dei vert “kasteballar” i systemet.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer de?
Planlegg neste samarbeidsmøte med alle involverte partar. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet i forkant av samarbeidsmøtet dersom barnet ikkje skal vera med på møtet sjølv.
Ansvar:
Stafetthaldar
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer du?
Gjennomfør samarbeidsmøte med alle aktuelle tenester og føresette/bornet.
Korleis gjer du det?
Drøft i kva grad dei tiltaka som er sett i verk har ført til endringar for barnet.
Aktuelle instansar og føresette blir inviterte til møta for å evaluera om tiltaka har gitt ønskt effekt. Barnets oppleving er svært viktig å få med i denne evalueringa.
Det er viktig at koordinator også er talerøyr for familien og vektlegg deira behov og meiningar sjølv om dei er til stades i møtet.
Ansvar:
Koordinator er møteleiar og syt for koordinering av tenestene
Relaterte verktøy
Er det videre grunn til bekymring?
Kva gjer de?
På bakgrunn av det som har kome fram i evalueringsmøte må de ta ei avgjerd om vegen vidare.
Korleis gjer de det?
Det er to moglege utfall:
- Tiltaka har hatt ønskt effekt. Det er ikkje lenger grunn til å uroa seg. – Avslutt loggen.
- Dei koordinerte tiltak har ikkje gitt ønskt effekt. – sett i verk tiltak på nivå 1,2 eller 3 og følg prosessane skissert i denne handlingsrettleiaren. Eller oppretthald eksisterande tiltak dersom dei fungerer, men ikkje er klare for å avsluttast.
Dersom barnet har behov for langvarige koordinerte helse- og omsorgstenester bør de vurdera om barnet oppfyller kravet til individuell plan og koordinator. Sjå lenkje på høgre side. Barnet og føresette må då få informasjon om kva det inneber og koordinerande eining må kontaktast for rettleiing.
Ansvar:
Stafetthaldar har ansvar for å koordinere samarbeidet og innsatsen videre.
Relaterte verktøy
Relaterte linker
Er det videre grunn til bekymring?
Ved mistanke om vald eller overgrep ta direkte kontakt med politi og barneverntenesta