Tett på barn og unge i Lærdal

Teikn og symptom på dårleg trivsel - barn og unge

Observasjonspunkt å vere merksame på hjå barn/unge som vekker uro/bekymring.

Ha fokus på det du faktisk ser og høyrer. Ikkje tenk på eventuell årsak eller tolkningar.

Fysisk

  • Anspent eller passiv
  • Stille og tilbaketrekt
  • Gret meir enn tidlegare
  • Søvnregulering
  • Vanskeleg forhald til mat
  • Urolig og rastlaus i kroppen
  • Hygiene, klær og tannhelse
  • Viser teikn på fysisk vald
  • Mange fysiske plagar (vondt i hovudet, magen osv.)
  • Virker meir sliten og trøytt enn tidlegare
  • Sjølvskading
  • Motorikk – fin/grov

Sosialt

  • Vanskar med regulering av merksemd ifht omgivelsane
  • Ukritisk i relasjon med andre
  • Søkjer ikkje/avviser vaksenkontakt/hjelp
  • Mer inneslutta, søkjer lite kontakt med andre barn
  • Klenger seg til vaksne
  • Ekstremt på vakt ift vaksne/andre
  • Påverkas lett av uro i omgjevnadene
  • Manglar nysgjerrigheit/interesse for omgjevnadene
  • Går mykje åleine/ blir helde utanfor
  • Ikkje i stand til å etablere/ opprettholde kontakt
  • Aggressiv i konflikt, ofte/gjentakande i konflikt
  • Overdrevent sosial og tilpasningsvillig
  • Apatisk
  • Lyg – overdriv
  • Stille/snakkar ikkje

Venner

  • Utrygg, nedstemt, redd, engstelig eller skremt
  • Dårleg sjølvbilete og/eller sjølvkjensle (snakkar nedsettande om seg sjølv eller sine)
  • Undertrykt sinne

Fagleg

  • Problem med konsentrasjon
  • Problem med innlæring
  • Språkvanskar (endring)

Nærmiljø

  • Endring av åtferd (fysisk, sosial, psykisk, eller faglig art)
  • Fråvær
  • Held ikkje avtalar
  • Manglande samarbeidsevne
  • Viser uvanleg interesse for rus og kriminalitet
  • Fortel om en vanskeleg livssituasjon/hending
  • Uhensiktsmessig nettbruk